58°27′24″N 8°49′03″E / 58.45665°N 8.81750°E / 58.45665; 8.81750

Færvik kyrkje

Færvik er ei bygd på nordvestsida av øya Tromøy i Arendal kommune i Agder. Fram til 1992 heldt administrasjonen i tidlegare Tromøy kommune til i Færvik, kommunen vart då slått saman med Arendal. Fylkesveg 409 passerer gjennom Færvik.

Færvik kyrkje, ei langkyrkje frå 1884, har 700 sitjeplassar. Roligheden skole er ein grunnskule for elevar frå 1. til 10. skuleår.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1953