Félix Savart

fransk fysikar

Félix Savart (30. juni 179116. mars 1841) var ein fransk fysikar.

Félix Savart
Interior of Institut de France, Paris 6th 013.jpg
Fødd30. juni 1791
Charleville-Mézières
Død16. mars 1841
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdefysikk, akustikk
Yrkefysikar, professor, ingeniør, lege
InstitusjonarCollège de France
Alma materCollège de France
MedlemRoyal Society
Société philomathique de Paris
Det franske vitskapsakademiet

Han etterfølgde i 1836 André-Marie Ampère som professor ved Collège de France. Han er mest kjend for oppdaginga av Biot-Savart-lova i elektrisitetslæra og for undersøkingar av polarisasjonen til lyset. Han var òg den første som gjorde fysiske undersøkingar av fiolinen, mellom anna av svingingane i lok og botn ved hjelp av klangfigurar.

KjelderEndra

  • Félix Savart. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013.