Føljetong (frå fransk feuilleton, 'lite blad') kan vera ei framhaldsforteljing i ei avis eller eit blad som kjem ut jamleg.

«Kjellarartikkel» eller føljetong nedst på sida i finsk Helsingfors Dagblad frå 1889.

Tidlegare kunne ordet visa til ein avisartikkel som stod nedst på sida og vart skild frå stoffet over av ein tverrstrek. Denne føljetongen kunne ha ein kåserande, anekdotisk art og ta for seg det litterære og kunstnariske livet i samtida.

I fransk samanheng blei ordet feuilleton opphavleg brukt om eit tilleggsblad til ei avis. Frå 1800 blei det brukt om ein «kjellarartikkel» i Journal des débats.

Kjelder endre

«føljetong» (4. juni 2012) i Store norske leksikon, snl.no.