Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

(Omdirigert frå Førdefestivalen)

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival eller Førdefestivalen er ein årleg festival i Førde i Sogn og Fjordane der temaet er internasjonal folkemusikk og verdsmusikk. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar.

Opptog gjennom Førde under Førdefestivalen.
Foto: Arild Nybø
Opptog med Johannes Vie som kusk. Kubanske eldre karar med gitar m.m.
Foto: Arild Nybø

ArrangementEndra

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival blei arrangert for første gong i 1990. Festivalen føregår kvart år frå torsdag til søndag i veke 27, og har sidan 2005 hatt status som knutepunktfestival.

Festivalen sin hovudarena er Førdehuset, der festivalen tek i bruk både idrettshall, kinosal, teatersal, festsal og foaje for sine konsertar. I tillegg vert det arrangert konsertar på Rica Sunnfjord Hotel & Spa, i Førde Kyrkje og på Festplassen ved Jølstra. Det er også konsertar utanfor Førde, til dømes på Jølstramuseet på Vassenden, Rytne Gard i Bygstad og Klokkargarden i Dale i Sunnfjord.

ArtistarEndra

Førdefestivalen er det største fleirkulturelle arrangementet i Noreg, og den største festivalen for folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå 25 land. Føremålet for festivalen er å fremje norsk og internasjonal tradisjonsmusikk/folkemusikk/verdsmusikk.

Dei fire dagane festivalen varer, vert det presentert mellom 80 og 100 arrangement, med rundt 250 profesjonelle musikarar frå meir enn 25 land. Sidan starten i 1990 har over 5000 artistar frå over 100 land stått på scena i Førde.

Internasjonal merksemdEndra

Kvart år frå 2010 har Førdefestivalen vore på musikktidsskriftet Songlines si liste over dei 25 beste internasjonale verdsmusikk-festivalane i verda. I 2014 kom festivalen også med på den britiske storavisa The Guardian si liste over dei ti beste småbyfestivalane i Europa. I 2015 kom festivalen på National Geographic Travel si topp-sju-liste over dei festivalar dei tilrådde i Europa.

Årlege temaEndra

Festivalen har kvart år eit hovudtema:

  • 1990: Aust-Europa
  • 1991: Urbefolkning og min­ori­t­etar
  • 1992: Afrikanske røter
  • 1993: Sigøynarmusikk
  • 1994: Det fjerne Østen
  • 1995: Musikk ved Middelhavet
  • 1996: Sør for Sahara
  • 1997: Latin-Amerika
  • 1998: Europeiske minoritetar
  • 1999: Musikk ved Svartehavet
  • 2000: Den Keltiske Familie
  • 2001: Musikk langs Silkevegen
  • 2002: Frå fado til flamenco
  • 2003: Europeiske stemmer
  • 2004: Saludos del Caribe!
  • 2005: Klangar frå Det kaspiske hav
  • 2006: Brasil! Brasil!!
  • 2007: Émotions françaises
  • 2008: Dialogue
  • 2009: World Voices
  • 2010: FRIDOM og undertrykking
  • 2011: Women's World
  • 2012: Coexistence - Sameksistens
  • 2013: Musikk & Natur
  • 2014: Lokal - global i 25 år
  • 2015: World ConneXions

StiftingEndra

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ei stifting med følgjande medlemer:

StyretEndra

Per 26. mai 2014 består styret av:

  • Styreleiar: Kristin Hille Valla
  • Nestleiar: Ivar Svensøy
  • Styremedlemmar: Mari Andrea Ness, Trude Skarvatun, Arild Herstad, Arne M. Sølvberg, Eva Kristin Svidal
  • Varamedlemmar: Margunn Masdal, Gabriela Lukassen, Trond Ueland, Magnus Hope, Synnøve Bjørset, Dagfrid Vallestad Brevik.

Tilsette og frivilligeEndra

Festivalen har 5,6 årsverk. I tillegg til dette legg 350 frivillige ned over 3500 dugnadstimar kvart år for festivalen.

Dei tilsette per 26. mai 2014:

  • Direktør: Hilde Bjørkum
  • Økonomi- og administrasjonssjef: Lene Grande
  • Kommunikasjonssjef: Torill G. Faleide
  • Produsent: Ingebjørg Nomeland 
  • Arrangementssjef: Sølvi Lien
  • Kontormedarbeidar/ billettansvarleg: Fride H. Haugen

BakgrunnsstoffEndra