Fürth er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 135 000 innbyggjarar. Byen går i eitt med den større byen Nürnberg og sentrumet i dei to byane ligg berre 7 km frå kvarandre.

Fürth
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Region Mittelfranken
Landkreis Kreisfri by
Høgd 294 m
Areal 63,35 km²
Folketal 132 032 (31. desember 2023)
Først nemnd i 1007
Postnummer 90762–90768
Retningsnummer 0911
Bilnummer
Kart
Fürth
49°28′42″N 10°59′25″E / 49.478333333333°N 10.990277777778°E / 49.478333333333; 10.990277777778
Wikimedia Commons: Fürth

Fürth, Nürnberg og Erlangen, i lag med nokre mindre byar, dannar byområdet Mittelfranken, som er eit av 23 slike «store senter» i Bayern, og eit av 11 tyske storbyområde.

Fürth vart første gong nemnd 1. november 1007, og feira tusenårsjubileum i 2007.

Geografi

endre
 
Rådhuset frå søraust.

Det historiske sentrumet i byen ligg aust og sør for elvane Rednitz og Pegnitz, som renn i saman og dannar elva Regnitz nordvest for gamlebyen. Vest for byen, på den eine enden av Main-Donau-kanalen ligg byskogen Fürther Stadtwald. Aust for Fürth ligg Nürnberg, og nord for byen ligg eit frodig markeds- og hageområde kalla Knoblauchsland (kvitlaukland). Sør for byen ligg motorvegar, kanalen og enger.

Historie

endre

Fürth vart først nemnd 1. november 1007, men hadde sannsynlegvis eksistert før den tid. Denne dagen gav keisar Henrik II av Det tysk-romerske riket eigedomen sin i Fürth til den nyoppretta biskopen av Bamberg.[1] Namnet «Fürth» kjem frå det tyske ordet for vadestad, sidan dei første busetnadane låg ved ein slik. Dei neste åra fekk Fürth markedsprivilegiar, men mista desse seinare til Nürnberg under Henrik III. Frå 1062 og framover fekk berre Fürth ha ein marknad, men då var Nürnberg alt vorte ein viktig by.

Dei neste hundreåra var byen under fleire styresmakter, som Biskopen av Bamberg, Fyrstedømet Ansbach og byen Nürnberg. Lenge var byen hovudsakleg ein jordbrukslandsby og i 1600 var folkesetnaden framleis sannsynlegvis mellom 1000 og 2000.

I trettiårskrigen vart Fürth nesten heilt øydelagd av brann.

I 1835 vart den første jernbanen i Tyskland opna mellom Nürnberg og Fürth.

Kjelder

endre
  1. Stadtgeschichte, arkivert frå originalen 12. oktober 2016, henta 29. juni 2007 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fürth