Făgărașfjella

(Omdirigert frå Făgăraşfjella)

Făgărașfjella er den høgaste fjellkjeda i Dei sørlege Karpatane i Romania. Dei høgaste toppane er Moldoveanu (2544 m), Negoiu (2535 m), Viștea Mare (2527 m), Lespezi (2516 m), Vânătoarea lui Buteanu (2507 m) og Dara (2501 m).

Făgăraşfjella ligg midt i Romania

Dei grensar i nord til Făgărașsenkinga, der elva Olt renn og i vest til Oltdalen (Valea Oltului). Byen Făgăraș ligg nord for fjella. Den viktigaste byen i området er Sibiu.

Ein veg kalla Transfăgărășan kryssar Făgărașfjella.

Det er mange bresjøar i fjella. Bâlea (2034 m, 46 508 m², 11,35 m djup) er den største innsjøen. Den høgastliggande innsjøen er Hărtopul Leaotei og den djupaste er Podragu (2140 moh, 28 550 m², 15,5 m djup). Andre innsjøar er Urlea (2170 m, 20 150 m²) og Capra (2230 m, 18 340 m²).

Făgărașfjella er eit populært turområde og ein skidestinasjon.

Biletgaller endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre