FA-cupfinalen i fotball 1959

FA-cupturneringa i fotball 1959 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 2. mai 1959. Framfor 100 000 tilskodarar vann Nottingham Forest sin andre og siste FA-pokal gjennom siger 2–1 over Luton Town. Det var 61 år sidan den førre Forest-triumfen i FA-cupen.

KampenEndra

Med to kjappe mål i 10. og 14. minutt leia Nottingham Forest med 2-0 til Luton reduserte til 2-1 midtvegs i andre omgang. Fleire mål kom ikkje. Roy Dwight og Tommy Wilson skåra for Nottingham Forest, Dave Pacey for Luton.

Nottingham Forest sitt vinnarlag: Chic Thomson, Bill Whare, Bobby McKinlay, Jack Burkitt (kaptein), Joe McDonald, Jeff Whitefoot, Roy Dwight, Johnny Quigley, Tommy Wilson, Billy Gray, Stewart Imlach.

Luton Town mønstra: Ron Baynham, Brendan McNally, Ken Hawkes, John Groves, Syd Owen (kaptein), Dave Pacey, Billy Bingham, Allan Brown, Bob Morton, George Cummins og Tony Gregory.

Jack Clough var dommar.

KjelderEndra