Faktoring

(Omdirigert frå Factoring)

Faktoring (engelsk: factoring) [Note 1] er ei finansiell og administrativ teneste med tilbod til næringslivet om finansiering av uteståande kundefordringar, oftast kombinert med tenesteutsetjing (outsourcing) av fordringsadministrasjonen. Slik finansiering kjem gjerne i tillegg til annan finansiering, som til dømes kassakreditt[1], pantelån[2], leasing[3] etc. Eit factoringsamarbeid skjer mellom 3 partar: leverandøren (klienten), kjøparen (kunden) og factoringselskapet (factoren).

Skjematisk oversikt over dataflyt ved factoringfinansiering.

Fakturafinansiering endre

Den vanlegaste forma for factoring, er finansiering basert på leverandøren sine kortsiktige, utfakturerte fordringar. Ein grunnleggande føresetnad for fakturafinansiering, er at salet skjer på kreditt. Factoringselskapet vil i dei fleste tilfelle operere med ei maksimal, overordna finansieringsgrense, sjeldan over 90%. Finansieringsordninga fungerer i prinsippet slik[4]:

  • Mellom factoringselskapet og leverandøren blir det etablert ein factoringavtale som gir factoringselskapet tinglyst pant i uteståande fordringar.
  • Leverandøren leverer varer og tenester til kunden og sender ut faktura på vanlig måte, men påført erklæring om at fordringa er overført til factoringselskapet, der det òg er opplyst om kva for ein bankkonto betaling skal skje til.
  • Leverandøren sender samstundes ein faktura-journal (datafil) til factoringselskapet, der fakturaopplysningane blir lagt inn i reskontrosystemet.
  • Factoringselskapet betaler omgåande (same dag) til leverandøren, opp til 90% av fakturert beløp. Avtalt finansierings-% kan variere, og det kan i enkelte tilfelle bli brukt lågare satsar for finansiering av kundar med dårleg rating/betalingsevne.
  • Ved forfall betaler kunden fakturabeløpet (etter leverandøren sine betalingsbetingelsar), til factoringselskapet.
  • Factoringselskapet belaster leverandøren diskonteringsprovisjon og ev. renter av finansielt mellomverande.
  • Umiddelbart etter at kunden har betalt fakturaen, overfører factoringselskapet resten av fakturabeløpet, med frådrag av provisjon og renter, til leverandøren.
  • Dersom ein faktura er ubetalt etter maksimalt avtala kreditt-tid, blir reklamert, eller andre tilhøve tilseier det, kan fordringa bli teken ut av finansieringsgrunnlaget (tilbakeført).
  • Factoringselskapet administrerer kundefordringane, fører kundereskontro, utfører purring v/manglande betaling, sender ev. misleghaldne fordringar til inkasso og melder krav til eventuelle konkursbo (på vegne av leverandøren).
  • Dersom ein faktura blir betalt for seint, vil factoringselskapet kunne berekne og sende faktura til kunden med krav om morarenter (forseinkingsrenter[5]). Slike renteinntekter blir normalt ført til godskrift for leverandøren.

Block-factoring endre

Block-factoring er ei enklare form for fakturafinansiering, der factoringselskapet til faste periodar (dagleg) får tilsendt kundeopplysningar og saldo av uteståande kundefordringar (ikkje detaljerte faktura-opplysningar). På dette grunnlaget blir finansiering utført på same måte som fakturafinansiering, men factoringselskapet administrerer ikkje kundefordringane med tanke på reskontroføring og betalingsoppfølging. Block-factoring blir oftast nytta for særs store portefølje.

Fordringsgaranti endre

Fakturafinansiering blir ofte kombinert med garantiordning (kredittforsikring[6]), dvs at factoringselskapet kan garantere for at ein faktura blir fullt ut betalt til leverandøren, sjølv om kunden blir insolvent. For ein slik garanti vil leverandøren bli belasta ein nærare avtala forsikringspremie.

Eksportfinansiering endre

Factoringselskapet vil kunne tilby finansiering av fordringar i utlandet, her under òg finansiering i ulike valuta. Lover og reglar for finansiering og kundehandsaming kan variere sterkt frå land til land, og factoringselskapet kan difor velje å samarbeide med lokale factoringselskap i dei aktuelle landa. Fordringane blir då administrert og innkassert av det utanlandske selskapet, som òg kan gi betalingsgaranti. FCI[7] (Tidlegare: Factors Chain International) er ei slik internasjonal kjede av factoringselskap, som i dag har meir enn 400 medlemer i 90 land. Selskapet har sekretariat i Amsterdam og Brussel. Tenestene frå FCI fungerer om lag på same måten som omtala ovanfor[8], og systemet er basert på både interaktive og automatiske tenester, via internett.

Generelt om factoringfinansiering endre

Dei aller fleste factoringselskapa av i dag, utfører all samhandling med leverandørane via internett-kommunikasjon, med stor grad av automatiserte rutiner. Gjennom factoringfinansiering får leverandøren frigjort kapital som er bunden i uteståande fordringar og kan dermed oppnå styrkt likviditet og betre vekstpotensial. Andre moment som talar for factoringteneste, kan vere:

Profesjonell oppfølging av fordringar vil kunne gi reduserte kreditt-tider.
Factoringselskapet har gjerne fordringar mot dei same kundane frå fleire leverandørar, og har dermed betre føresetnad for å kunne gjere gode kundevurderingar.
Factoringselskapet kan gi tilbod til leverandøren om å levere oppdaterte opplysingar og kredittvurdering (rating) av gamle og nye kundar.
Reduserte rentekostnadar og auka renteinntekter.
Gjennom frigjering av interne ressursar (outsourcing) vil leverandøren kunne auke sin fokus på kjerneoppgavene.
Redusert risiko for tap på fordringar.
Komplett og profesjonell reskontroføring med god oversikt og kontroll, gjennom online, og sanntid, tilgang til reskontro og rapportar.
Med factoringfinansiering vil ein oftast få høg utnytting av fordringspantet (opp til 90%), medan ein bank normalt vil operere med ein vesentleg lågare finansieringsgrad av pantegrunnlaget.

Ordinær bankfinansiering blir gjort etter vurdering av leverandøren (lånetakaren) sin økonomiske status, basert på eigedom og gjeld. Ved factoringfinansiering blir det fokusert hovudsakleg på kredittverde til debitor (kunden) og i mindre grad på leverandøren (klienten).

For å kunne drive factoringverksemd må ein ha konsesjon som finansieringsselskap og slike selskap er underlagt tilsyn av Finanstilsynet[9].

 

Kredittkort endre

Den nyaste forma for factoringteneste er i dag finansiering ved bruk av kredittkort i varehandelen. Leverandøren (detaljforretninga) leverer varer og får omgåande betaling når kunden nyttar sitt kredittkort. Kredittkortselskapet har factor-funksjonen og finansierer, og garanterer for kjøpet, til kunden reelt sett betaler saldoen på sin kredittkort-konto.

Kredittkortselskapet (factoren) har òg i denne modellen sine inntekter hovudsakleg frå gebyr og provisjon som blir betalt av leverandøren (forretninga).

Historie endre

Variantar av factoringfinansiering har vore i bruk frå dei eldste tider, og er tidlegast omtala i Hammurabis lover frå 1700-talet f.Kr. Moderne factoring byrja å ta form på 1300-talet i England, for finansiering av handelen med stoff og klede. På 1600-talet kom modellen i bruk i handelen mellom Amerika og England, og på 1800-talet og fram til 1961 vart factoring ei stadig aukande finansieringsform, hovudsakleg nytta i USA.

Under ein tur til USA fekk sunnmøringen Erling Blindheim[Note 2] kjennskap til factoringfinansiering og i samarbeid med Sunnmøre Kreditbank tok han initiativet til etablering av selskapet Møbelfinans AS i Ålesund. Selskapet vart starta i 1961 og var det første factoringselskapet i Noreg, truleg òg det første i Europa. Året etter vart to nye selskap etablert, Tekstil-Finans AS i Ålesund og AS Factoring i Oslo og. Det sistnemnde vart òg starta etter initiativ frå Erling Blindheim. I 1968 vart dei to selskapa i Ålesund slått saman og fekk namnet Møbel-Tekstil-Finans AS. Dei fleste factoringselskap i Noreg i dag (2017), er å rekne som framhald, eller avleggarar av desse tre første selskapa.

Dei viktigaste factoringselskapa i Noreg er i dag medlemer i Finansieringsselskapenes Foreining[10]. Factoringomsetninga i desse selskapa var i 2016 om lag 199 milliardar kroner[11], med totale factoringutlån på om lag 12,8 milliardar kroner, og dei største var:

DNB Finans[12]
Sparebank 1 Factoring[13]
Svea Finans NUF[14]
Nordea Finans Norge[15]
SG Finans[16]

Notar endre

  1. Det engelske ordet «factor» er avleitt frå det latinske ordet «facere» som kan tyde: å gjere, eller å få ting gjort.
  2. Erling Blindheim vart fødd på Sunnmøre 15.8.1929 og døydde 27.1.2015 i Bø i Telemark

Kjelder endre

Referansar endre

  1. kassekredittStore norske leksikon
  2. pantelånStore norske leksikon
  3. leasingStore norske leksikon
  4. Factoring Finansieringsselskapenes Forening
  5. forsinkelsesrenteStore norske leksikon
  6. kredittforsikring Store norske leksikon
  7. FCI About FCI
  8. FCI Arkivert 2017-08-26 ved Wayback Machine. How does i work
  9. Lov om finansforetak og finanskonsern Lovdata
  10. Finansieringsselskapenes Foreining
  11. Factoringstatistikk finfo.no
  12. DNB Finans
  13. Sparebank 1 Factoring
  14. Svea Finans
  15. Nordea Finans
  16. SG Finans, arkivert frå originalen 26. august 2017, henta 26. august 2017 

Bakgrunnsstoff endre