Fairytale of New York

Fairytale of New York
Singel av The Pogues med Kirsty MacColl
frå albumet If I Should Fall from Grace with God
Språk engelsk
Utgjeve Desember 1987
Innspelt August 1987
Sjanger Keltisk punk, julemusikk
Lengd 4:33
Selskap Pogue Mahone
Komponist Jem Finer, Shane MacGowan
Tekstforfattar Shane MacGowan, Jem Finer
Låtskrivar(ar) Jem Finer, Shane MacGowan
The Pogues-kronologi 
«Irish Rover»
(1987)
Fairytale of New York «If I Should Fall from Grace with God»
(1988)


«Fairytale of New York» er ein julelåt av The Pogues med Kirsty MacColl som songar som kom ut i 1987. Songen er skriven som ei irsk folkevise av Jem Finer og Shane MacGowan, og vart gjeven ut på The Pogues-album If I Should Fall from Grace with God. Strykearrangementet på songen vart skrive av Fiachra Trench. Songen skil seg mykje frå typiske julesongar om snø, kos og bjelleklang. I staden skildrar han fyll, krangel og brotne voner.[1] Han har vorte kåra til den beste julesongen gjennom tidene av forskjellige fjernsyns- og radioprogram og magasin i Storbritannia og Irland.[2]

Innspeling og tekst endre

Songen vart opphavleg skriven som ein duett mellom Shane MacGowan og Pogues-bassisten Cait O'Riordan, men O'Riordan slutta i bandet i 1986 før songen var fullført.[3] The Pogues var på denne tida produsert av ektemannen til Kirsty MacColl, Steve Lillywhite, som bad kona om å synge den kvinnelege stemma på ein demoversjon av songen. The Pogues likte stemma til MacColl så godt at dei bad ho synge på den endelege innspelinga[4]

Songen følgjer ein irsk immigrant som ei julaftan dagdrøymer om tidlegare juletider medan han søv i fyllearresten etter ein fyllefest i New York City. Då ein full gammal mann i cella syng ei linje frå den irske balladen «The Rare Old Mountain Dew», byrjar forteljaren (MacGowan) å drøyme om den kvinnelege personen i songen. Resten av songen (som kan vere ein indre monolog) finn stad i ein kall og svar-form mellom paret, der det ungdommelege håpet deira vert knust av alkoholisme og narkotikamisbruk, medan talaren gjenopplever barndomsminne og kranglar på julaftan.[3]

Den melodiøse synginga til MacColl står i kontrast til den rå stemma til MacGowan og teksten er stundom bittersøt og stundom berre bitter: «Happy Christmas your arse/I pray God it's our last» (God jul ditt rævhol, eg ber til Gud det er vår siste). Teksten «Sinatra was swinging» og «cars as big as bars» verkar å setje songen seint i 1940-åra.[3] Tittelen er henta frå J.S. Donleavy-romanen A Fairy Tale of New York, og vart vald etter songen var blitt skriven og innspelt.[3]

To gonger syng MacGowan og MacColl «The boys of the NYPD choir still singing 'Galway Bay'». New York Police Department (NYPD) har ikkje eit kor, men har ei gruppe som spelar sekkepipe og trommer. Denne var med i videoen til songen. NYPD Pipes and Drums kunne ikkje «Galway Bay» og song og spelte temasongen til Mickey Mouse Club for musikkvideoen i staden,[5] og klipparen sette opptaket i sakte film for å passe rytmen.[3] I videoen kan ein sjå Matt Dillon som politikonstabel for NYPD som arresterer den rusa MacGowan.[3]

Popularitet endre

Utgjevingar og fjernsynsframsyningar endre

Songen vart gjeven ut i Storbritannia og Irland i november 1987 og vart raskt ein hit. Han låg fem veker på toppen av den irske singellista. Den 17. desember 1987 framførte the Pogues og MacColl songen på Top of the Pops på BBC og han gjekk opp til andreplassen på den britiske singellista.

Sjølv om songen vart den 48. bestseljande songen for 1987 etter å berre ha vore i sal éin månad det året, vart han nekta førsteplassen juleveka av Pet Shop Boys sin versjon av «Always on My Mind». MacGowan skal ha sagt om dette at «Vi vart slått av to dronningar og ein trommemaskin».[6] MacColl sa seinare at ho ikkje følte at dei var i konkurranse med Pet Shop Boys sidan dei laga ein heilt annan type musikk.

Songen vart gjeven ut på ny av The Pogues i Storbritannia i 1991 (og nådde 36. plass), og igjen i Storbritannia og Irland for jula 2005,[7] då han nådde tredjeplassen i Storbritannia. Etter at nedlasting av songar har byrja å ta over for fysisk sal av singlar, har songen gått inn på Topp 75 i Storbritannia kring juletider kvar år sidan 2005. Han har dermed lege i alt 60 veker på Topp 75 i Storbritannia (14. desember 2013), som er det 14. lengste gjennom tidene i Storbritannia.[8]

«Fairytale of New York» vart av sjåarane til ITV i desember 2013 kåra til den beste julesongen i Storbritannia.

Lister endre

Liste (1987) Plassering
Irish Singles Chart 1
UK Singles Chart 2
Liste (1991) Plassering
Irish Singles Chart 10
UK Singles Chart 36
Liste (2005) Plassering
Irish Singles Chart 3
UK Singles Chart 3
Liste (2006) Plassering
UK Singles Chart 6
Liste (2007) Plassering
Irish Singles Chart 3
UK Singles Chart 4
Liste (2008) Plassering
Irish Singles Chart 8
UK Singles Chart 12
Liste (2009) Plassering
Irish Singles Chart 13
UK Singles Chart 12
Liste (2010) Plassering
Irish Singles Chart 11
UK Singles Chart 17
Liste (2011) Plassering
Irish Singles Chart 7
UK Singles Chart 13
Liste (2012) Plassering
Irish Singles Chart 14
UK Singles Chart 12
Liste (2013)
UK Singles Chart 16

Kåringar endre

Songen er med på mange kåringar i Storbritannia:-

  • Nummer 1 i VH1 beste julesong tre år på rad frå 2004,[9] 2005[10] til 2006
  • 11. plass på Channel 4 si liste over dei 100 beste julesongane
  • 27. plass på VH1 si liste over dei beste songane som aldri nådde toppen av singellista
  • 23. plass på VH1 si liste over beste tekst
  • 29. plass på 4Music's Noddy Holder's Big Christmas 50
  • 83. plass på Q Magazine si liste over dei 100 beste songane gjennom tidene
  • 84. plass på BBC Radio 2 si lyttarundersøking av dei 100 beste songane gjennom tidene

Andre versjonar endre

Sidan originalen kom ut har «Fairytale of New York» blitt spelt av mange andre artistar, som

Kjelder endre

  1. Dorian Lynskey (6. desember 2012), Fairytale of New York: the story behind the Pogues' classic Christmas anthem }}
  2. «Pogues track wins Christmas poll». BBC News. December 16, 2004.  More than one of |nettstad= og |work= specified (hjelp)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Lynskey, Dorian (December 6, 2012). «Fairytale of New York: the story behind the Pogues' classic Christmas anthem». The Guardian. Henta 13. desember 2013. 
  4. Connor, Alan (21. desember 2007). «Smashed Hits: Fairytale of a fairytale». BBC News Online Magazine (British Broadcasting Corporation). Arkivert frå originalen 24. desember 2007. Henta 13. desember 2013. 
  5. «The anti-dote to schmaltzy Christmas videos». Irish Music Daily. Henta 13. desember 2013. 
  6. Taylor, Jerome (19 December 2007). «BBC backs down on plan to censor 'Fairytale of New York'». The Independent. Henta 13. desember 2013. 
  7. Entertainment Wise, November 1, 2005. The Pogues Re-release 'Fairytale of New York'. Henta 13. desember 2013.
  8. «Sales of the Pogues' 'Fairytale Of New York' reach 1 million 25 years after release», The Independent, 31 December 2012
  9. BBC News, December 16, 2004. Pogues track wins Christmas poll. Retrieved November 17, 2005.
  10. BBC News, December 15, 2005. Fairytale still the festive pick. Retrieved December 19, 2005.

Bakgrunnsstoff endre