Fall

Wikimedia-fleirtydingsside
(Omdirigert frå Fall i geologi)

Fall er eit omgrep med fleire tydingar.

Fysikk endre

Fall er den rørsla ein lekam får på grunn av tyngdekrafta. Om lekamen berre er påverka av tyngdekrafta kallar ein del eit fritt fall. Alle lekamar fell like fort i vakuum (lufttomt rom), uansett kor tunge dei er. Når ein lekam fell gjennom luft, verkar òg luftmotstanden og ein har derfor ikkje eit fritt fall.

Sjøfart endre

Innan sjøfart er fall eit tau eller ei talje som vert nytta til å heise segl, til dømes fokkefall eller storseglfall.

Landform endre

Det er òg eit namn på ei grunne i sjøen, eit skjer eller ei klippe som havbølgjene bryt på, helst under vassflata sjølv ved fjøre sjø. Om ein har mange fall kallar ein det ofte ein fallgard.

Geologi endre

Innan geologi er fall eller fallvinkelen hellinga til ei naturleg flate i ein bergart. Vinkelen vert målt i forhold til horisontalplanet, og retninga til fallet (fallretninga) er vinkelrett på den horisontale linja i flata (strøkretninga)

Fall vert òg nytta om stader der det har gått ras, som leirfall eller jordfall.


  Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.