Fallen i kamp
(Omdirigert frå Falle i kamp)
Fallen i kamp (killed in action - KIA) er eit uttrykk vanlegvis nytta i militæret for eigne soldatar som er drepne av fienden.[1] Folk som er falne i kamp har ikkje døydd av ulukker som bilulukker eller andre «ikkje-fiendtlege» hendingar eller terrorisme.[2][3]
I tillegg kan ein person verte omtalt som fallen i kamp om han har døydd på slagmarka, medan døydd av skade viser til ein person som har levd lenge nok til å ha fått medisinsk behandling.
NATO-definisjon
endreNATO nyttar KIA (killed in action) for personar falne i kamp, og DWRIA (died of wounds received in action) for personar som har døydd av skade. For sistnemnte vert òg forkortinga DOW ofte nytta av historikarar og militære.
Sjå òg
endre- MIA – Sakna i kamp
- WIA – Skadd i kamp
- POW – Krigsfange
- Den ukjente soldats grav
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Killed in action» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «U.S. Department of Defense Dictionary: killed in action». Arkivert frå originalen 27. september 2012. Henta 3. januar 2010.
- ↑ «The 'Lectric Law Library's Legal Lexicon om Justifiable Homicide». Arkivert frå originalen 10. juni 2008. Henta 3. januar 2010.
- ↑ «Nolo Press Legal Definition Homicide». Henta 3. januar 2010.