Fandango!
Studioalbum av ZZ Top
Språk engelsk
Utgjeve 28. april 1975
Innspelt 12. april 1974 (spor 1–3) 30. desember 1974 – 23. mars 1975
Sjanger Texas blues, southern rock, boogierock, bluesrock, hardrock
Lengd 33:20
Selskap London
Produsent Bill Ham
ZZ Top-kronologi 
Tres Hombres
(1973)
Fandango! Tejas
(1976)


Singlar frå Fandango!
  1. «Heard It on the X»
    Utgjeve: 1975
  2. «Tush»
    Utgjeve: 1975

Fandango! er det fjerde studioalbumet til det amerikanske bluesrockbandet ZZ Top, gjeve ut i 1975. Halvparten av songane var konsertopptak, medan resten var nye songar frå studio. Ei nymastra og utvida utgåve av albumet kom ut 28. februar 2006.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Rolling Stone[2]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 stars[3]

Fandango, som albumtittelen er henta frå, er ein type dans som minnar om flamenco.

Bakgrunn endre

Seint i 1980-åra kom ei digitalt remiksa utgåve av albumet ut på CD, og ein slutta å gje ut den originale miksen frå 1975. Den remiksa versjonen skapte kontroversar blant fansen, sidan lyden på instrumenta vart signifikant endra, særleg trommene. Den remiksa versjonen vart nytta på alle tidlege CD-utgåve og var den einaste versjonen som var tilgjengeleg i over tjue år. Ei nymastra og utvida utgåve kom ut på CD 28. februar 2006 med tre konsertopptak som bonusspor. Denne utgåva nytta den originale miksen frå 1975. Albumet kom ut på ein 180 grams vinyl i 2009 med dei originale masterlydbanda.

Singlar endre

Det vart berre gjeve ut ein singel frå albumet, «Tush». Singelen nådde 20. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, den første singelen deira på topp 40.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Thunderbird» (live)4:08
2.«Jailhouse Rock (Live) (Jerry Leiber, Mike Stoller) (Live at The Warehouse, New Orleans)» (Jerry Leiber, Mike Stoller)1:57
3.«Backdoor Medley (Live)» (live, «Backdoor Love Affair» (Gibbons, Bill Ham), «Mellow Down Easy» (Willie Dixon), «Backdoor Love Affair No. 2» (Gibbons), «Long Distance Boogie» (John Lee Hooker))9:25
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Nasty Dogs and Funky Kings»2:42
5.«Blue Jean Blues»4:43
6.«Balinese»2:39
7.«Mexican Blackbird»3:07
8.«Heard It on the X»2:24
9.«Tush»2:15
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Heard it on the X» (live)2:36
11.«Jailhouse Rock» (live, Leiber, Stoller)1:52
12.«Tush» (live)3:42

Spor 1-3 (side A av originalalbumet) var konsertopptak frå The Warehouse i New Orleans den 12. april 1974. Spor 4-9 var nye studioopptak.

Spor 10-12 (bonusspora) var konsertopptak frå The Capitol Theatre i Passaic i New Jersey, den 30. august 1980.

Medverkande endre

  • Billy Gibbons – gitar, vokal
  • Dusty Hill – bassgitar, klaverinstrument, korvokal, solovokal på «Jailhouse Rock», «Balinese» og «Tush», andre solovokal på «Backdoor Medley» og «Heard It on the X»
  • Frank Beard – trommer, perkusjon

Produksjon endre

  • Produsent – Bill Ham
  • Lydteknikarar – Jim Reeves, John L. Venable og Norman Mershon for Record Plant Truck. Robin Brians, Terry Kane, Bob Ludwig (mastering), Terry Manning
  • Albumkonsept – Bill Ham
  • Design – Bill Narum
  • Fotografi – John Dekalb

Salslister endre

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1975 Pop Albums 10

SinglarBillboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1975 «Tush» Pop Singles 20

Kjelder endre