«Fanden og futen» er eit norsk folkeeventyr som handlar om at fanden som vil henta ein fut til helvete. Han møter ulike folk som forbannar dyr og ungar, men seier det ikkje er av hjarta. Til slutt møter han ein mann som ønskjer futen til fanden, og det seier han er av hjarta. Dermed tek han med seg futen.[1][2]

Theodor Kittelsen sin illustrasjon «Fanden og futen» viser Fanden som ein naken, gammel mann med hestehov og bukkehorn og futen med ein komisk tupé. Frå «Asbjørnsen og Moe: Illustrerede eventyr, udvalgte folkeeventyr» (1907).[1]

Eventyret i si best kjende norske utgåve blei oppskrive av Peter Christen Asbjørnsen i Oslo og trykt i Norske Folkeeventyr i 1876.[3]

Eventyr av dette slaget er utbreidde i Nord-Europa.[3] Det har AT-nummer 1186.[4] Det danna utgangspunkt for «The Friar's Tale», ei av forteljingane i Canterbury Tales av Geoffrey Chaucer.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Fanden og futen», Norske Folkeventyr ved runeberg.org
  2. Fanden og futen frå Fyresdal i Telemark frå Magret Borgjæ. Samlar H. Ross. Ved UiO si samling av Eventyr og sagn.
  3. 3,0 3,1 «Fanden og futen». Store norske leksikon (på norsk). 29. april 2019. 
  4. «Eventyr og Sagn - Norsk Folkeminnesamling», www2.hf.uio.no, henta 17. august 2019 
  5. Ní Dhuibhne, Éilís (1980). «'Ex Corde': AT 1186 in Irish Tradition». Béaloideas. 48/49: 87. ISSN 0332-270X. doi:10.2307/20522159. 

Bakgrunnsstoff endre