Fangstgarn

garn til å fanga noko i

Fangstgarn er eit trådnett med større eller mindre masker som vert nytta til å fange fisk, dyr, fugl og gjenstandar. Fiskegarn er ein viktig type fangstgarn. Fuglegarn til å fanga flygande dyr som fuglar og flaggermus er ofte lette, nær usynlege garn (slørgarn, mistgarn eller japanske garn).

Ein fiskar som reinsar fiskegarn.
Frigjering av ein fugl som skal ringmerkast.

Eit garn kan vikle seg rundt det som skal fangast slik at det ikkje kan kome seg laus. Ofte vil det som blir fangd vera levande, slik at det held seg ferskare om ein skal bruka det som mat, eller kan sleppast fri om ein ikkje skal det.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.