Faray (norrønt Færey) er ei lita øy i Orknøyane i Skottland, mellom Eday og Westray. Tidlegare var ho busett og i dag har den låge øya gråsel som ynglar her.

Faray
Long Sand vest på øya.
Long Sand vest på øya.
Geografi
Faray is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°13′N 2°49′W / 59.21°N 2.82°W / 59.21; -2.82
Øygruppe Orknøyane

Areal 1,80 km²

Høgaste punkt 32 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

Geografi endre

Faray og Holm of Faray ligg på ein rygg av gammal raud sandstein som strekkjer seg sørover frå Weather Ness sør på Westray og som nesten knyt Westray til Eday.[1] Mellom dei to øyane ligg Lavey Sound.

Historie endre

 
Eday frå Faray

Faray vart kalla Pharay (eller North Pharay for å skilje ho frå South Pharay, som i dag heiter Fara). Begge namna kjem frå det norrøne 'faerey', «saueøya».[2]

Den einaste eldre menneskeskapte sporet på øya er eit gravkammer ved Lavey Sound. Faray hadde 82 innbyggjarar i 1861, og i 1891 55 innbyggjarar. Seint i 1930-åra var det åtte familiar på øya. Dei hadde var bønder og fiskarar. Under den andre verdskrigen var det mange som flytta og i 1947 hadde alle flytta frå Faray.[3] Det går framleis ein veg til midten av øya og dei spreidde, tomme husa.

I desember 1908 gjekk fiskefartøyet «Hope» på grunn på Holm of Faray under ein storm. Fem menn frå Faray trassa stormen og rodde over Lavey Sound for å redde mannskapet som stod på skjera. Dei fekk som løn ei reise til det skotske fastlandet og møte Edvard VII ved Balmoral, der dei kvar fekk ein medalje, i tillegg til ei god pipe med noko tobakk.[1]

Bevaring endre

Øya har i dag bestandar av sau, sjøfugl og gråsel.[4] Faray og naboøya Holm of Faray har i lag status som Special Area of Conservation (særskild verneområde) for å bevare gråselen her. Øya har den nest største ynlgande gråselbsetanden i Storbritannia og medverkar til rundt 9 % av dei årlege fødslane i landet.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Julia Welstead (16. juli 2005). «The heroic five men of Faray». The Scotsman. Henta 14. mars 2010. 
  2. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Translated by Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
  3. «Faray». lonelyisles.com. Henta 14. mars 2010. [daud lenkje]
  4. «Faray». everything.com. Henta 14. mars 2010. 
  5. «Faray and Holm of Faray». JNCC. Henta 14. mars 2010.