Evert (dansk: evert, tysk: Ewer, plattysk: Ever) er eit flatbotna seglfarty, utvikla i Friesland og konstruert for skipsfart på elvar og for seglas på Vadehavet. Opphavleg mangla fartyet kjøl, var i staden utrusta med lebord. Namnet kjem frå mellomaldersk nederlandsk «envarer», det viser til eit farty av denne typa kunne seglast av ein mann.

Evert med potetlast i Hamburg, 1887
Dansk evert Petrine i 2023

Everten har gaffelsegl og kan vere einmasta eller tomasta. Tomasta evertar har ei aktre mesanmast, som er tydeleg kortare enn stormasta. Evertar bygd i Nord-Tyskland er i gjenomsnitt 16 meter lange og fire meter breie.

Frå 1300-talet og fram til slutten av 1800-talet vart evertar nytta til transport av salt frå Lüneburg til Lübeck og Hamburg via elva Ilmenau. Meir enn 50 slike farty segla på elva på 1500- og 1600-talet. Dei var 15 til 20 meter lange og kunne laste opp til 20 tonn. I 1800-talets Tyskland var evert den vanlegaste båttypa i lokal fraktfart.

Evertar har også vore brukt i fraktfart på kysten av Sør-Noreg, og til og frå Danmark. Ei rekke avisoppslag frå 1830-40-åra fortel om inn-og utklarerte evert-farty, som til dømes på side 4 i Romsdals Amts-Tidende av 28. juli 1838. Skipperane Ole Devold og K. Monsen har med kvar sin evert frakt diverse varer frå Bergen til Ålesund.[1]

Kjelder

endre