Opna hovudmenyen
Liturgisk farge for fastetida er fiolett. I denne kyrkja i Mexico er bilete tildekte under fasta.

Fastetida er ein del av kyrkjeåret som byrjer på oskeonsdag og varer i 40 dagar fram til påskedag.[1]

Tida peiker tilbake til Jesus sine 40 fastedagar i ørkenen, der han blei freista av djevelen.[1]

Sundagstekstane i fastetida handlar ofte om den kristne kampen mot djevelen og dei vonde maktene, og var opphavleg meint for folk som skulle døypast i påska.[1]

I mange land markerer ein feitetysdag dagen før oskeonsdag. Dette er den siste dagen i karnevalet.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «fastetiden». Store norske leksikon (på norsk). 3. mai 2019. 
  Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.