Federico García Lorca

Federico García Lorca (5. juni 189819. august 1936) var ein vidgjeten spansk forfattar, særleg kjend for teaterstykka sine. Han var fødd i Fuente Vaqueros, i Granada i Spania, og vart drepen av nasjonalistane i byrjinga på den spanske borgarkrigen.

Federico García Lorca

Statsborgarskap Spania
Fødd 5. juni 1898
Fuente Vaqueros
Død

19. august 1936 (38 år)
Víznar

Yrke sceneinstruktør, songtekstforfattar, skodespelforfattar, lyrikar
Språk spansk, slovensk
Far Federico García Rodríguez
Mor Vicenta Lorca Romero
Partnar Rafael Rodríguez Rapún, el t o
Federico García Lorca på Commons
Statue av Lorca i Santoña i Cantabria.
Foto: Pere Joan Barceló

Oppvekst og karriere

endre

Federico García Lorca var av landeigarslekt, fødd i landsbyen Fuente Vaqueras i provinsen Granada. I 1909 flytta familien til byen Granada i Andalusia, der Federico med tida vart involvert det lokale kunstnarmiljøet. Hans fyrste prosasamling, Impresiones y paisajes vart gjeven ut i 1918 og fekk gode kritikkar, men lite sal.

I 1919 flytta han til den namngjetne Residencia de estudiantes i Madrid. På universitet vart han kjend med mellom andre Luis Buñuel og Salvador Dalí, og mange fleire som var eller kom til å verte viktige kunstnarar i Spania. Han møtte Gregorio Martínez Sierra, direktør for teateret Teatro Eslava, som fekk han til å skrive og setje opp sitt fyrste skodespel, El maleficio de la mariposa i 1919-20, eit versestykke om eit umogleg kjærleiksforhold mellom eit fivreld og ein kakerlakk. Stykket vart ledd av scenen av publikum etter fire framsyningar. Publikum-reaksjonen gjorde Lorca lite glad i teaterpublikum heile livet. García Lorca hevd seinare at Mariana Pineda (1927) var hans fyrste teaterstykke.

I løpet av dei neste åra vart García Lorca stadig meir involvert i kunst og i spansk avant-garde. Han gav ut tre diktsamlingar, mellom anna Canciones (Songar) og Romerancero Gitano (1928), hans mest kjende diktsamling. Mariana Pineda, hans andre skodespel, sett opp av Dalí, vart ein stor suksess då det opna for fyrste gong i Barcelona i 1927.

Mot slutten av 1920-talet var Lorca mykje plaga av depresjonar, forverra av uro over større og større vanskar med å skjule si homoseksuelle legning for vener og familie. Suksessen til Romerancero Gitano gjorde det stadig vanskelegare for han, av di han var tvungen til å leve to liv, eit som namngjeten forfattar, og eit i djup depresjon og kval, eit liv han berre kunne anerkjenne i det private.

Den veksande avstanden mellom García Lorca og venene nådde eit metningspunkt då Dalí og Buñuel samarbeidde om filmen Un chien andalou (Ein andalusisk hund), som Garciá Lorca tolka som eit sterkt åtak mot seg. Forholdet til Dalí vart avslutta brått, òg grunna at Dalí møtte kvinna som skulle verte kona hans. Samstundes braut forholdet Garciá Lorca hadde til skulptøren Emilio Aladrén saman då sistnemnde òg møtte si framtidige kone. Familien til Federico vart klår over problema hans, og sende han på eit lengre opphald i USA i 1929-30.

I USA studerte García Lorca eit stutt bel ved Columbia University School of General Studies. Det var han fyrste røynsle som vaksen med eit demokrati, om enn dominert av kommerse ideal og undertrykking av minoritetarr. Denne røynsla bringa fram somme av hans dristigaste verk. Diktsamlinga Poeta en Nueva York utforskar, gjennom eksperimentelle former for poesi, framandgjeringa og isolasjonen han opplevde.

García Lorca kom attende til Spania i 1930, samstundes som diktatoren Primo de Rivera fall og Den spanske republikken vart oppretta på ny. I 1931 vart García Lorca utnemnd som direktør for eit studentteater, Teatro Universitario la Barrace. Teateret var finansiert av utdanningsdepartementet, og hadde i oppgåve å reise omkring i avsidesliggjande delar av den spanske landsbygda og syne moderne tolkingar av klassiske spanske stykke. I tillegg til å vere direktør var García Lorca skodespelar. I denne perioden skreiv han sine best kjende skodespel, Bodas de sangre ('Blodbryllup'), Yerma og La case de Bernarda Alba ('Bernarda Alba sitt hus'). Han formaliserte sine teoriar om kunstnarisk skaparevne og framsyning i eit namngjete foredrag, som han fyrst framførte i Buenos Aires og Havana i 1933. I foredraget hevdar han at stor kunst står i eit nært forhold til dauden, samt sterke band til ein nasjon og kulturen til nasjonen, og innsikt i og aksept av vetet sine avgrensingar. La Barraca var det fyrste teaterkompaniet som synte García Lorcas tre store skodespel. Den statlege stønaden til truppen vart halvert i 1934, og siste framsyninga i april 1936.

Ved utbrotet av Den spanske borgarkrigen drog García Lorca frå Madrid heim til Granada, trass i at han var klår over at han truleg drog i dauden i eit Granada med omdøme for å vere styrt av eit ovende konservativt oligarki, det mest konservative i Andalucía. García Lorca og svogeren hans, som var sosialist og borgarmeister i Granada, vart snøgt arrestert. García Lorca vart avretta ved skyting av Falange-militsen 19. august 1936 og lagd i ei umerka grav ein plass mellom Víznar og Alfacar. Det herskar usemje kring motiva. Somme meiner at avrettinga hadde personlege motiv, snarare enn politiske, og detaljane kring dauden.

 
Statue av Lorca i Madrid.
Foto: Zarateman

Franco-regimet forbaud alle García Lorcas verk inntil 1953. Det året vart eit tungt revidert Obras completas (Komplette verk) gjeve ut. Samlinga inneheldt ikkje Sonnettar om mørk kjærleik, skrivne i november 1935 og framførte berre for nære vener. Desse var tapte fram til 1983-4, då dei vart utgjevne. Fyrst etter at Franco døydde i 1975 kunne verka til García Lorca diskuterast ope i Spania.

I dag står ein statue av García Lorca på Plaza de Santa Ana i Madrid. Den politiske filosofen David Crocker har hevda at «statuen, i minsto, er framleis et symbol på den omdiskuterte fortida: kvar dag knyter ei venstreorientert eit raudt tørkle kring halsen på statuen, og ein høgreorientert kjem seinare og tek det av.»[1]

Hovudverk

endre

Poesi

endre
  • Impresiones y paisajes ('Inntrykk og landskap', 1918)
  • Libro de poemas ('Bok om dikt', 1921)
  • Canciones ('Songar', 1927)
  • Primer romancero gitano ('Sigøynarballadar', 1928)
  • Poema del cante jondo ('Dikt til djupe songar', 1931)
  • Primeras canciones ('Fyrste songar', 1936)
  • Poeta en Nueva York ('Ein diktar i New York', utgjeve 1940)

Teater

endre
  • El maleficio de la mariposa ('Sommarfuglen sin vonde magi': skrive 1919-20, fyrste oppsetting 1920)
  • Mariana Pineda (skrive 1923-25, fyrste oppsetting 1927)
  • La zapatera prodigiosa ('Skomakaren si flotte kone': skrive 1926-30, fyrste oppsetting 1930, revidert 1933)
  • Amor de Don Perlimpín con Belisa en su jardín ('Don Perlimpín sin kjærleik til Belisa i hagen': skrive 1928, fyrste oppsetting 1933)
  • Bodas de sangre ('Blodbryllaup': skrive 1932, fyrste oppsetting 1933)
  • Yerma (skriven 1934, fyrste oppsetting 1934)
  • Doña Rosita la soltera (' Peparmøya Doña Rosita': skrive 1935, fyrste oppsetting 1935)
  • Retablillo de Don Cristóba] ('Dukkespelet til Don Cristóbal': skriven 1931, fyrste oppsetting 1935)
  • Los títeres de Cachiporra (skrive 1928, fyrste oppsetting 1937)
  • Así que pasen cinco años ('Når fem år er gått': skrive 1931, fyrste oppsetting 1945)
  • La casa de Bernarda Alba ('Huset til Bernarda Alba': skriven 1936, fyrste oppsetting 1945)
  • El público («Ålmugen»: skriven 1930-1936, fyrste oppsetting 1972)
  • Comedia sin título ('Stykke utan tittel': skrive 1936, fyrste oppsetting 1986)

Morospel

endre
  • El paseo de Buster Keaton ('Buster Keaton går ein tur', 1928)
  • La doncella, el marinero y el estudiante ('Jenta, sjømannen og studenten', 1928)
  • Quimera ('Draum', 1928)

Filmmanus

endre
  • Viaje a la luna (Reisa til månen, 1929)

Kjelder

endre
  1. Democratic Development and Reckoning with the Past: The Case of Spain in Comparative Context Carolyn Boyd, David A. Crocker, Elizabeth A. Cole. June 25, 2003

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Federico García Lorca