Feios
Feios er ei bygd i Vik kommune i Vestland, og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden, åtte kilometers køyring austom Vangsnes og 17 kilometer nordvest for Fresvik. Busetnaden ligg ved fjorden og oppover dalen der Feioselvi renn ned. I Feios ligg barne- og ungdsomsskulen Feios skule[1] og Feios kyrkje.
Feios | |||
stad | |||
Feios sett frå hi sida av Sognefjorden.
Foto: Per Olav Bøyum | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vik | ||
Postnummer | 6895 FEIOS | ||
Preposisjon | i Feios | ||
Ferdselsårer | 602 Fv182 Fv181 | ||
Feios 61°08′56″N 6°45′15″E / 61.1489°N 6.75417°E | |||
Wikimedia Commons: Feios |
Feios fekk vegutløysing i 1971, då stod vegen mellom Vangsnes og Feios ferdig. I 1976 vart det vegsamband til Fresvik frå Feios.[2] Vegen frå Vangsnes til Feios er fylkesveg 602, medan vegen frå Feios til Fresvik heiter Fylkesveg 182 i Sogn og Fjordane.
Kommunesoge
endreFram til og med 1991 høyrde Feios til Leikanger kommune. Ved i regulering av kommunegrensene vart Feios, saman med Fresvik, overført til Vik kommune 1. januar 1992.[3]
Feios kyrkjesokn
endreFeios er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Feios kyrkje frå 1866.[4] Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå 1200-talet.[5] Rinde stavkyrkje vart truleg riven av to grunnar. For det første var ho i svært dårleg stand ved ei synfaring den 7.september i 1858. Den andre grunnen var truleg at departementet hadde eit ynske om å realisera ein ny type kyrkjearkitektur med utgangspunkt i det som O.P. Bjerkek skildrar som Eisenach-regulativet. Dette regulativet hadde sitt opphav i Prøysen og Nord-Tyskland. Da den nye Kyrkjelova kom i 1851, førte det til ei storstilt kyrkjebygging i Norge i siste halvdel av 1800-talet.Feios kyrkje er truleg den tredje kyrkja på staden, i fylgje Roar Hauglid. Feios kyrkje er teikna av arkitekt J.W. Nordan.(Rinde 2016).
Feios sokn høyrde til Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti, men vart overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1. august 1999.[4]
Kjelder
endre- Rinde, Jan Magne Borlaug. Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn 2016
Fotnotar
endre- ↑ Om Feios skule på nettstaden til Vik kommune[daud lenkje]
- ↑ Kristin Ese: «Vegutløysing for Fresvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
- ↑ 4,0 4,1 Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Feios kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ «Kyrkjer i Vik» NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon