Femøring
(Omdirigert frå Fem-øring)
Femøring eller femøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1875 til 1982.
Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, eit kongeportrett eller ei riksløve. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».
På reversen hadde mynten først eit 5-tal med bladkrans, sidan ulike variantar av teksten 5 øre før mynten frå 1958 hadde biletet av ein elg og teksten 5 øre-Norge.
Bruk til leik
endreDei store femøringane var gjevast å bruke når ein skulle kaste på stikka, ein vanleg guteleik så lenge femøringen var i sirkulasjon.[1]
Variantar
endreMyntherre | Metall | Vekt | Utmynta år | Kunstnar |
---|---|---|---|---|
Oskar II | bronse | 8,00 g | 1875-1902 | |
Håkon VII | bronse | 8,00 g | 1907, 1908-16, 1921-41, 1951-52, 1952-57 | |
Håkon VII | jern | 6,69 g | 1917-1920 | |
Okkupasjonsmynt | jern | 6,94 g | 1941-1945 | |
Olav V | bronse | 8,00 g | 1958-1973 | Per Palle Storm |
Olav V | bronse | 3,00 g | 1973-1982 | Øivind Hansen |
Kjelder
endre- Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3
- Noregs bank - Mynter 1957-1991 Arkivert 2009-01-25 ved Wayback Machine.
Referansar
endre- ↑ Kaste på stikka, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 18. november 2010