Femme Fatale av The Velvet Underground

Femme Fatale
Singel av The Velvet Underground og Nico
frå albumet The Velvet Underground & Nico
A-side

Sunday Morning

Språk engelsk
Utgjeve
    • Desember 1966 (singel)
    • Mars 1967 (album)
Innspelt April 1966
Studio Scepter,[1] New York City
Sjanger pop[2]
Lengd 2:35
Selskap Verve
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Andy Warhol
The Velvet Underground og Nico-kronologi 
«All Tomorrow's Parties»
(1966)
Femme Fatale «White Light/White Heat»
(1968)


«Femme Fatale» er ein song av det amerikanske rockebandet The Velvet Underground frå debutalbumet The Velvet Underground & Nico frå 1967, med solovokal av Nico.[1]

Bakgrunn endre

Songen vart komponert i C-dur.[3] Etter ønskje frå Andy Warhol skreiv frontmannen i bandet, Lou Reed, songen om Warhol-stjerna Edie Sedgwick. I følgje Reed sa Warhol då han spurte om kva han skulle skrive om ho: «Å syns du ikkje ho er ein femme fatale, Lou?», og Reed skriv så «Femme Fatale».[4][5]

Songen vart spelt inn med Nico på vokal[1] i Scepter Studios i New York i april 1966 medan studioet var under bygging.[1][6] Han vart gjeven ut som ei B-side til «Sunday Morning» i desember 1966.[7] Året etter kom han ut på debutalbumet deira, The Velvet Underground & Nico. Eit konsertopptak frå 199 kom ut på Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes som kom i 2001.[1]

Mottaking endre

AllMusic-kritikaren Mark Deming meinte at «Femme Fatale» var blant dei fire beste songane på albumet.[8] Den amerikanske journalisten Stephen Davis kalla «Femme Fatale» ein vakker song som syner dei levande, konfliktfylte og emosjonelle understraumane i 1966.[9]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Davis Inman (31. oktober 2011). «The Velvet Underground And Nico, «Femme Fatale»». American Songwriter. [daud lenkje]
  2. A. Zak (22. desember 2000). The Velvet Underground Companion: Four Decades of Commentary. Music Sales Group. s. 78. ISBN 0825672422. 
  3. «Femme Fatale». Musicnotes. 10. oktober 2011. 
  4. Michael Heatley, Frank Hopkinson (24. november 2014). The Girl in the Song: The Real Stories Behind 50 Rock Classics. ISBN 9781909396883. [daud lenkje]
  5. Bockris, Victor (1994). Transformer: The Lou Reed Story. New York: Simon & Schuster. s. 107. ISBN 0-684-80366-6. 
  6. The Mojo Collection: The Ultimate Music Companion. Canongate Books. 2007. s. 80. ISBN 978-1841959733. 
  7. Maximum Rock 'n' Roll. 1994. 
  8. Mark Deming. «The Velvet Underground: The Velvet Underground & Nico». 
  9. Stephen Davis (2005). Jim Morrison: LIfe, Death, Legend. Penguin Publishing Group. ISBN 9781101218273.