Ferdinand II av Det tysk-romerske riket

Ferdinand II (9. juli 157815. februar 1637) var var tysk-romersk keisar frå 1619 til 1637. Han var soneson til Ferdinand I. Sjølv var han far til Ferdinand III.

Ferdinand II av Det tysk-romerske riket

Ferdinand var fødd i Graz. Frå han var åtte år gammal vart han oppseda av jesuittar og derav ein ivrig antiprotestant. Trass motstand frå protestaniske fyrstar vart Ferdinand i 1617 utpeikt til konge av Böhmen og i 1618 av Ungarn. I 1619 valde likevel Böhmen protestanten Fredrik av Pfalz til ny konge. Same året kom Ferdinand til keisarmakt då brorsonen, keisar Matthias døydde utan arvingar.

Ved hjelp av den katolske liga erobra Ferdinand Böhmen i 1620, der protestantane vart knust i Slaget ved det kvite berg. Dermed var Trettiårskrigen i full gang. Ferdinand hadde stor framgang i mange år og for fram med råskap mot protestantar. Forsøka på å slå ned dei nordtyske protestantiske fyrstane stranda då kurfyrstane vende seg mot han, i frykt for Ferdinands stigande makt. Då også Sverige og Frankrike greip sterkt inn i striden, makta ikkje Ferdinand å avslutte krigføringa innan han døydde.

KjelderEndra