Fergus Falls

Fergus Falls er ein by i Otter Tail County i delstaten Minnesota i USA. Byen, som hyser fylkesadministrasjonen, har eit folketal på vel 13 000.

Rådhuset i Fergus Falls

Fergus Falls er eit mikropol-område med eit variert næringsliv som omfattar helsetenester, vareproduksjon, handel, landbruk og informasjonsteknologi. Lake Region Healthcare, eit privateigd, integrert helsesystem med sjukehus, klinikkar, kreftforskningssenter og eit assistert bufellesskap, er største sysselsetjar i kommunen.

22. juni 1919 vart byen råka av ein tornado som kosta 57 menneske livet. Større delar av byen vart jamna med jorda.

KjelderEndra