Fernand-Edmond-Jean-Marie Khnopff (12. september 185812. november 1921) var ein belgisk målar, grafikar og bilethoggar. Stilmessig vert han rekna til symbolistane, særleg påverka av målarane Gustave Moreau og Edward Burne-Jones.

Fernand Khnopff

Statsborgarskap Belgia
Fødd 12. september 1858
Dendermonde
Død

12. november 1921 (63 år)
Brussel

Yrke kunstmålar, bilethoggar, fotograf, filosof, skribent, grafikar, biletkunstnar
Språk fransk
Medlem av Les XX
Fernand Khnopff på Commons

Liv og gjerning endre

Khnopff voks opp i Brugge. Seinare studerte han i Brussel, i fyrste omgang jus. Sidan studerte han kunst under Xavier Mellery (1845-1921) og Jean-François Portaels (1818-1895). Til å begynne med måla han naturalistiske landskap, samt portrett. På ei reise til Paris i 1877 vart han inspirert av kunst av Eugène Delacroix. På verdsutstillinga i Paris i 1878 fekk han sjå verk av dei engelske prerafaelittane Dante Gabriel Rossetti og Edward Burne-Jones. Dei mystiske tema i desse arbeida gjorde stort inntrykk på Khnopff, særleg kvinneidealet til Burne-Jones. Same året byrja han gå i lære hos Jules-Joseph Lefebvre og Gustave Boulanger på Académie Julian i Paris. Han stod elles i nær kontakt med forfattarane Maurice Maeterlinck og Émile Verhaeren.

 
Portrett av Jeanne Kéfer, 1885

Khnopff vart kjend med målaren Gustave Moreau og vende seg så stendig meir mot symbolismen. Saman med James Ensor grunnla han i 1883 gruppa Société des Vingt. Året etter fekk Khnopff for fyrste gong stilt ut arbeid på Paris-salongen og vart snøgt ein favorittmålar for eit borgarleg publikum. Perioden 1884 og 1890 laga han 34 portrett, mellom andre Portrait Jeanne Kéfer og Portrait Marie Monnom. Han budde i lag med systera Marguerite i eit sjølvbygd, rikt utstyrt hus, og det var ho som var hans yndlingsmodell.

Frå 1889 hadde Khnopff nær kontakt med kunstmiljøet i Storbritannia, der han budde i periodar og regelmessig stilte ut. Britiske målarar som William Holman Hunt, George Frederic Watts, Dante Gabriel Rossetti, Ford Madox Brown og Edward Burne-Jones vart venene hans. Frå 1895 arbeidde Khnopff som medarbeidar i det britiske kunstmagasinet «The Studio». Fram til utbrotet av fyrste verdskrigen i 1914 var Khnopff ansvarleg for ei spalte i «The Studio» der han formidla den kunstnariske utviklinga i Belgia og på det europeiske kontinentet. I mars 1898 deltok Khnopff med 21 verk på den fyrste utstillinga på Wiener Secession. I Wien vart arbeida hans mottekne med begeistring. Mellom andre vart den unge austerrikske målaren Gustav Klimt sterkt påverka.

Khnopff var mykje oppteken av teater og opera. I 1903 laga han scenedekorasjonane til Georges Rodenbach sitt stykke Le Mirage, oppført på Deutschen Theater Berlin med Max Reinhardt som regissør. År 1904 dekorerte Khnopff musikksalen til den rike bankieren Adolphe Stoclet på hans Palais Stoclet.

 
Kunsten eller kjærteikna, 1896
 
Oppegga, 1898

Khnopff nytta helst mørke, svakt morbide fargetonar, og med desse formidla han sine dulde fantasiar på lerretet. Gjennom stilen sin påverka han framom alt den tyske symbolismen, til dømes ein kar som Franz von Stuck, samt jugendstilen. Bileta til Khnopff syner særleg mange kvinner, ofte vart dei avbilda i gestaltar som kimærar, harpyiar og sfinksar. Til desse høyrer verket Sovande harpyie frå 1885, Einsemd frå 1894, samt Kunsten eller kjærteikna frå 1896. Helst framstelte han edle, høge kvinner med gåtefulle blikk og smil. Han måla desse i olje eller pastell, eller han modellerte dei og skar då gjerne av hovudet straks ovanpå augo; som bysta Sibylla med attlatne augo, medan bysta Medusa er i elfenbein og bronse. I tillegg laga han portrett og landskap samt stilfulle illustrasjonar til verk av andre kunstnarar i tida.

Fernand Khnopff døydde i Brussel, 63 år gammal.

Kjelder endre