Må ikkje forvekslast med ferromagnetisme.

Ferrimagnetisme er ein type magnetisme som finst i innskotsgrunnstoff-samband, ein mellomting mellom antiferromagnetisme og ferromagnetisme, både med omsyn til atomistisk opphav og eigenskapar. Mange ferrimagnetiske stoff inneheld jern og dette har gjeve opphav til namnet.

Ferrimagnetisk fordeling

I den enklaste forma si kan ferrimagnetisme representerast ved antiparallelt orienterte piler (moment) av ulik storleik. Ferrimagnetisme opptrer som alle former for kooperativ magnetisme under ein vis karakteristisk temperatur som vekselvis blir kalla ferrimagnetisk néeltemperatur og ferrimagnetisk curietemperatur.

Ferrimagnetiske stoff er ofte vanskelege å detektere. Ferrimagnetar er nesten alltid svakare permanentmagnetar enn ferromagnetane. Ved om-magnetisering skiftar feltet brått retning. Hyseteresekurva endrar seg difor sterkt over eit særs lite område, før ein like etter får magnetisk metting.

Kjelder endre

ferrimagnetisme. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/ferrimagnetisme