Festninga Louisbourg
Festninga Louisbourg (fransk Forteresse de Louisbourg, engelsk Fortress of Louisbourg) er ein nasjonalhistorisk stad i Canada og ei delvis rekonstruert fransk festning ved Louisbourg på Nova Scotia frå 1700-talet.
Festninga Louisbourg | |||
| |||
Festninga Louisbourg 45°53′33″N 59°59′06″W / 45.8925°N 59.985°W |
---|
Den franske busetnaden på Île Royale (i dag Cape Breton Island) kan sporast tilbake til tidleg på 1600-talet. Franskmennene oppretta ein marinebase her, heilt søraust på øya, tidleg på 1700-talet. Dette var ein av dei få stadane på øya som var isfrie om vinteren. I 1719 starta Frankrike å byggje ein festningsby ved denne hamna, og festninga stod ferdig i 1745, akkurat i tide for den første britiske omleiringa. Britane klarte å ta festninga 16. juni 1745, og ein stor fransk styrke leia av Jean-Batiste De Roye de la Rochefoucauld Duc d'Enville vart send året etter for å ta ho tilbake, men vart øydelagd av stormar, sjukdom og åtak frå den britiske marinen før dei i det heile teke kom fram.
Etter Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, som enda den austerrikske arvefølgjekrigen, vart festninga gjeve tilbake til Frankrike i byte for Madras i India, som Frankrike hadde kapra frå Storbritannia.
Under sjuårskrigen, i 1758, vart det franske fortet igjen angripe av britane og 26. juli 1758 måtte franskmennene igjen gje frå seg festninga. Britiske ingeniørar øydela festninga i 1760 for å hindre at franskmennene tok ho i bruk ved seinare høve, og staden vart forlaten etter sjuårskrigen var over.
I dag er festninga ein nasjonalhistorisk stad i Canada.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fortress of Louisbourg» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Louisbourg: From its Foundation to is Fall J.S. McLennan (1918)
- Endgame A.J.B. Johnson (2008)
- The Great Fortress : A chronicle of Louisbourg 1720-1760 William Wood
- Tekstutgåve frå Project Gutenberg
- Lydbok frå LibriVox
- The Taking of Louisburg 1745 av Samuel Adams Drake, Lee og Shepard Publishers Boston Mass. USA 1891 (trykt om at av Kessinger Publishing ISBN 978-0-548-62234-6)
Bakgrunnsstoff
endre- Fortress of Louisbourg National Historic Site - Parks Canada Arkivert 2004-06-16 ved Wayback Machine.
- Louisbourg Institute Arkivert 2003-07-21 ved Wayback Machine.