Opna hovudmenyen

Festspillene i Bergen, som på engelsk heiter Bergen International Festival, er ein årleg musikk- og kulturfestival på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå som vert skipa til i Bergen i slutten av mai og byrjinga av juni av stiftinga Stiftelsen Festspillene i Bergen. Festivalen er den største i Norden i sitt slag, med konsertar med klassisk musikk som det sentrale, supplert med teater, dans, biletkunst og skjønnlitteratur. Konsertane går føre seg mellom anna i Grieghallen og Håkonshallen i Bergen sentrum og på Troldhaugen (Edvard Griegs tidlegare eigedom), Siljustøl (Harald Sæveruds tidlegare heim), Lysøen (Ole Bulls sommarvilla) og i kyrkjer. Dessutan er det uformelle konsertar og framsyningar på gater og torg.

Dei fyrste Festspillene i Bergen vart arrangert i 1953.

BakgrunnsstoffEndra

Internettsidene til Festspillene i Bergen

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.