Fetsund Lenser

(Omdirigert frå Fetsund lenser)

59°54′59.339″N 11°8′31.909″E / 59.91648306°N 11.14219694°E / 59.91648306; 11.14219694

Fetsund Lenser

Kart
Fetsund Lenser
59°54′59″N 11°08′32″E / 59.91648306°N 11.14219694°E / 59.91648306; 11.14219694
Frå Lensemuseet ved Fetsund.

Fetsund Lenser er eit nasjonalt kulturminne, fløytingsmuseum og natursenter ved utløpet av Glomma i Øyeren ved Fetsund i Akershus fylke. Fetsund Lenser vart oppretta som tømmersorteringsanlegg i 1861, og vart lagt ned då fløyting av tømmer i Glomma opphørte i 1985. I dag er det ein del av Musea i Akershus.

Ved arbeidarboligen «Vinkelen» ligg tusenårsstaden til Fet kommune, eit flaummerke i form av ein om lag sju meter høg stein med markering av vasstandane under dei største flaumene i Glomma.

Historikk endre

Tømmerfløyting i Glomma byrja på 1300-talet, men fekk større omfang då oppgangssagene kom på 1500-talet. I byrjinga vart tømmeret i Glomma bunta, «soppa», i Bingen lenser ved Sørumsand. Herfrå vart tømmerflåtene slepte med båtar til dei mange sagbruka langs Øyeren og i Lillestrøm. Då jarnbanebrua i Fetsund kom i 1861, vart Bingen lenser flytta til Fetsund. Ved Bingen vart det etablert ei atterhaldslense der ein kunne sleppe på tømmer etter som det var behov ved Fetsund.

Fetsund Lenser er i dag freda som det einaste fløytingsanlegget som er att i landet. Det vert tatt vare på som eit eineståande kulturminne og eit levande museum med verkstader for tradisjonelle handverk, kafé og museumsbutikk. Fetsund Lenser ligg i eit vakkert naturområde ved innfallsporten til Nord-Europas største innlandsdelta. I området finst natur- og kultursti.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre