Denne fila er frå Wikimedia Commons og kan verta nytta av andre prosjekt.
Skildringa frå filskildringssida der er vist nedanfor.
Følgjande er henta frå filomtalen åt denne fila på Wikimedia Commons:
Skildring
SkildringGuddal kyrkje 05.JPG
Norsk nynorsk: Guddal kyrkje står i Guddal søraust i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje som plar daterast til 1870, sjølv om delar av kyrkja er frå 1686.
I 1870 vart den gamle kyrkja utvida, og samstundes fekk heile bygget ny kleding og det vart lagd nytt golv og panel inne. Kyrkja fekk òg eit tårn. 25. september 1870 vart kyrkja vigsla på nytt. Til jubileet i 1970 vart kyrkja pussa opp igjen.
I mellomalderen stod det ei stavkyrkje i Guddal, denne vart truleg riven på 1600-talet.
Guddal kyrkje høyrer til Fjaler sokn i Sunnfjord prosti. Guddal var tidlegare eit eige kyrkjesokn, men sokna i det tidlegare prestegjeldet er no ihopslegne til eitt sokn. (Kjelde: Nynorsk Wikipedia)
Dette er eit bilete av eit kulturminne i Noreg, nummer:
til å dela – til å kopiera, distibuera og overføra arbeidet
til å blanda – til å endra verket
På desse vilkåra:
namngjeving – Du lyt godskriva verket på den måten som opphavpersonen eller lisensgjevaren har oppgjeve (men ikkje på ein slik måte at det kan verka som om dei går god for deg eller måten du nyttar verket på).
del på same vilkåra – Om du remiksar, omarbeider, eller på annan måte byggjer på dette verket, kan du berre distribuera resultatet under den same eller ein samsvarande lisens som denne.