Filip Rygg

norsk politikar

Filip Rygg (fødd 19. oktober 1983)[1] er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han var frå 31. oktober 2011 til 19. mai 2014 Bergens byråd for klima, miljø og byutvikling. Før det (frå oktober 2009) var han Bergens byråd for barnehage og skule.

Filip Rygg

Fødd19. oktober 1983 (41 år)
Horsens i Danmark
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
VervBergens byråd for miljø og byutvikling 2011–2014
FøregangarLisbeth Iversen
VervBergens byråd for barnehage og skole 2009–2011
FøregangarTomas Martin Moltu
EtterfylgjarHarald Victor Hove
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Filip Rygg blei fødd i Danmark, budde seinare i Sverige, Sveits, Nederland og Oslo før han kom med familien sin til Bergen i 1995. No bur han på Espeland i bydelen Arna i Bergen. Rygg tok ex.phil., ex.fac. og eitt emne i politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen i 2002.

Politisk karriere

endre

Filip Rygg starta sin politiske karriere som fylkesleiar for Hordaland KrFU i 2001. Han var leiar for fylkeslaget fram til 2003, då han ble vald inn i sentralstyret til KrFU på landsplan. Ved kommunestyre- og fylkestingvalet same år blei han vald inn som representant for KrF i Hordaland fylkesting.

I august 2004 overtok han for Per Inge Vannebo som politisk rådgivar for byutviklingsbyråd Lisbeth Iversen (KrF). Han jobba som politisk rådgivar til valperioden var slutt i 2007.

Før kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 blei han nominert til Bergen KrFs ordførarkandidat. Etter valet danna KrF byråd saman med Høgre og Frp. Rygg blei då utnemnd som kommunalråd og leiar for Bergen KrF bystyregruppe, i tillegg til å bli nestleiar i komité for miljø og byutvikling.

I november 2008 valde nominasjonsmøtet i Hordaland KrF Filip Rygg som sin andrekandidat for stortingsvalet 2009. Ved valet i september 2009 fekk KrF 7,2 prosent oppslutning i Hordaland og ein representant mindre enn ved førre periode. Rygg er i dag vara for Laila Dåvøy, som er aleine om å representere Hordaland KrF i denne stortingsperioden.

1. oktober 2009 blei Rygg utnemnd til byråd for barnehage og skule i Bergen.[2]

I april 2010 møtte han for første gong på Stortinget som vararepresentant for Kristeleg Folkeparti i Laila Dåvøy sitt fråvær. På Stortinget stilte han fleire spørsmål i spørretimen[3], og la også fram eit forslag på ni punkt[4] for å halvere aborttala i Noreg innen 2013.[5]

Han har i fleire år profilert seg sjølv som ein aktiv brukar av sosiale media. I 2009 blei han kåra til Noregs tredje beste politiske bloggar av nettstaden Kommentar.no.[6] I ei kåring av politikarar i Hordaland sin bruk av sosiale medie i Bergens Tidende hausten 2010[7] fekk Rygg topplassering saman med Erna Solberg og Audun Lysbakken.[8]

Filip Rygg har stått for «Bryggen-alternativet» i saka om Bybanen sin trase mot Åsane, og han valde 19. mai 2014 å gå av som byråd fordi han ikkje kunne stå inne for det alternativet som ser ut til å bli valt, ein tunnel med innslag mellom Bryggen og Torget.[9]

Kjelder

endre
  1. Filip Ryggs Curriculum Vitae[daud lenkje], Bergen Kommune, 29. september 2009
  2. Her er Bergens nye byråder, Bergens Tidende, 28. september 2009
  3. Glemt sykkelpolitikk, E24, 4. mai 2010
  4. Dokument 8:36 S, Stortingets nettsted, 11. desember 2009
  5. Abortforebygging nedstemt i Stortinget Arkivert 2010-09-16 ved Wayback Machine., Norge IDAG, 20. april 2010
  6. http://www.kommentar.no/xp/pub/t/hoved/398312 Norges ti beste politiske blogger
  7. http://www.bt.no/forbruker/teknologi/Politikerlisten-1146281.html Politikerlisten
  8. http://www.bt.no/forbruker/teknologi/Politikerne-til-stryk-i-sosiale-medier-1146282.html Politikerne til stryk i sosiale medier
  9. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. mai 2014, henta 19. mai 2014 

Bakgrunnsstoff

endre