Frozen

animert langfilm frå 2013
(Omdirigert frå Filmen Frost)

Frozen (norsk tittel: Frost) er ein USA-amerikansk dataanimert fantasy-filmmusikal frå 2013, produsert av Walt Disney Animation Studios og utgjeve av Walt Disney Pictures. Han er den 53. animerte langfilmen frå Disney og er inspirert av eventyret «Snødronninga» av Hans Christian Andersen. Filmen fortel historia om ei djerv prinsesse som drar på ei ferd saman med ein barsk isskjerar, det trufaste reinsdyret hans og ein truskuldig snømann for å finne den framandgjorde syster si, som med sine overnaturlege evner har kasta ein trolldom over kongeriket dei bur i og dømt det til ein evig vinter.

Frozen
RegiChris Buck, Jennifer Lee Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)John Lasseter Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Peter Del Vecho, John Lasseter Sjå dette på Wikidata
ManusJennifer Lee Sjå dette på Wikidata
Basert påSneedronningen Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarPaul Briggs, Santino Fontana, Josh Gad, Jonathan Groff, Idina Menzel, Kristen Bell, Alan Tudyk, Ciarán Hinds, Chris Williams, Maurice LaMarche, Jennifer Lee, Stephen J. Anderson, Edie McClurg, Maia Wilson, Robert Pine, Olivia Stubenrauch, Eva Bella, Spencer Lacey Ganus, Jesse Corti, Jeff Marcus, Ava Acres, Tucker Gilmore, Stephen Apostolina, Annaleigh Ashford, Bo Williams, Jenica Bergere, Dave Boat, Tyree Brown, Lewis Cleale, Terri Douglas, Eddie Frierson, Jean Gilpin, Nicholas Guest, Bridget Hoffman, Nick Jameson, John Lavelle, Katie Lowes, Mona Marshall, Scott Menville, Paul Pape, Courtney Peldon, Raymond S. Persi, Katie Silverman, Fred Tatasciore Sjå dette på Wikidata
KlippJeff Draheim Sjå dette på Wikidata
MusikkKristen Anderson-Lopez, Robert Lopez, Christophe Beck, Kristen Anderson-Lopez, Robert Lopez, Christophe Beck Sjå dette på Wikidata
SjeffotografScott Beattie, Mohit Kallianpur Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapWalt Disney Animation Studios Sjå dette på Wikidata
DistributørWalt Disney Studios Motion Pictures, Walt Disney Studios Motion Pictures, B&H Film Distribution Company, Walt Disney Studios Motion Pictures International Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato27. november 2013 (USA), 28. november 2013 (Tyskland),[1] 31. januar 2014 (Sverige),[2][3] 10. november 2013 (New York by),[3] 4. desember 2013 (Frankrike), 5. desember 2013 (Ungarn),[4] 19. desember 2013 (Italia), 12. desember 2013 (Russland)
Lengd101 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening1 281 508 100 US-dollar (verdsfemnande),[5] 400 953 009 US-dollar (USA)[5]
Sjangerdramakomedie, filmmusikal, filmkomedie, oppvekstforteljing, dataanimert film, filmar som byggjer på litterære verk, fantasyfilm, familiefilm Sjå dette på Wikidata

Frozen hadde verdspremiere på El Capitan Theatre i Hollywood i California den 19. november 2013, og hadde avgrensa framsyningar 22. november før filmen vart ålment tilgjengeleg på kino 27. november. I Noreg og Danmark hadde filmen kinopremiere 25. desember 2013.

Frozen vann to Oscar-prisar for beste animerte langfilm og beste originale song («Let It Go»), Golden Globe for bese animerte langfilm, BAFTA Award for beste animerte film, fem Annie Awards, to Grammy Awards og to Critics' Choice Movie Awards for beste animerte langfilm og beste originale song («Let It Go»).[6] Filmen har avla fleire oppfølgjarar. Ein animert kortfilm, Frozen Fever, vart gjeven ut 13. mars 2015 og ein animert novellefilm titulert Olaf's Frozen Adventure hadde premiere 22. november 2017. Langfilmen Frozen 2 hadde premiere 22. november 2019 i USA og månaden etter i Noreg, på første juledag.

Handling endre

Elsa, kronprinsessa av Arendell, har magiske krefter som lèt ho kontrollere og laga is, frost og snø, som ho nyttar når ho som barn leiker med veslesyster si, prinsesse Anna. Etter at Elsa ved eit uhell under leik råkar Anna i hovudet med magien sin, tek kongen og dronninga båe syskena til ein trollstamme. Trollhøvdingen Pabel lækjar Anna, men endrar minna hennar slik at ho gløymer magien til Elsa. Deretter åtvarar høvdingen om at Elsa må lære å kontrollere magien sin og at frykt vil vera hennar verste fiende. Kongen og dronninga isolerer båe systrene i slottet og stengjer slottsportane for undersåttane. Elsa bryt kontakten med Anna for å beskytte systera si frå sine stadig meir uføreseielege krefter, noko som skapar ein avgrunn mellom dei. Då jentene er tenåringar, døyr foreldra deira på havet under ein storm.

Etter å ha fylt 21 år skal Elsa kronast til dronning av Arendell. Ho er samtidig livredd for at folk skal finne ut av kreftene hennar og ottast henne. Slottsportane blir opna for ålmenta og besøkjande dignitærar for første gong på årevis. Blant dei er jarlen av Wesseltun og prins Hans av Sørøyane. Anna forelskar seg i sistnemnde ved første blikk. Kroninga av Elsa går føre seg utan uhende, men ho held seg framleis på avstand til Anna. Anna og Hans utviklar eit romantisk forhold i løpet av feiringa, og han frir impulsivt til henne, men Elsa mæler imot når dei bed om velsigninga hennar. Såra og rådvill seier Anna seg usamd med systera, og bed henne forklare kvifor ho er redd og isolerer seg. Eit kjensleutbrot får Elsa til å syne kreftene sine for gjestene. Ho blir kalla eit monster av jarlen, og rømmer til fjells der ho endeleg sannkjenner kreftene sine og bygger seg eit palass av is for å leva som einebuar. I løpet av oppstyret gjer samtidig magien hennar at Arendell blir slukt i ein evig vinter.

Anna vågar seg ut for å finne Elsa og gjera slutt på vinteren, og overlèt kommandoen til Hans i mellomstunda. Ho mister hesten sin, går seg vill og endar opp i ei krambu der ho kan samle forsyningar. Der møter ho isskjeraren Kristoffer og reinsdyret hans, Svein, som ho overtyder til å følgje henne til fjells. Eit ulveåtak gjer at sleden til Kristoffer blir øydelagd. Dei held fram til fots og møter Olaf, ein snømann som Elsa utilsikta har brakt til live. Han tilbyr å leie følgjet til henne. Når hesten til Anna returnerer til Arendell utan Anna, drar Hans av garde for å finne Anna og Elsa, med følgje av lakeiane til jarlen, som har fått skjulte ordrar om å drepe Elsa.

Etter å ha kome fram til palasset, går Anna inn for å møte Elsa. Når Anna forklarer kva som er hendt med Arendell, innrømmer ei forskrekka Elsa at ho ikkje kan gjera om på magien sin. Frykta til Elsa gjer at kreftene hennar ytrar seg att og frys ved eit mistak hjartet til Anna, som blir forgifta. Elsa skaper deretter eit digert snømonster, kalla Marshmallow, som jagar Anna, Kristoffer og Olav vekk frå palasset. Etter å ha blitt merksam på at Anna er forheksa, tek Kristoffer henne til trolla, adoptivfamilien hans. Trollhøvdingen Pabel avdekkjer at Anna vil fryse til is med mindre «eit teikn på kjærleik» kan reversere trolldommen. Kristoffer tek Anna heim att i all hast slik at Hans kan gi henne «eit ekte kjærleiks kyss». Hans og mannskapen når palasset til Elsa, nedkjempar Marshmallow og fangar Elsa. Anna blir levert til Hans, men i staden for å kysse henne avslører han at han faktisk hadde planlagt å overta trona i Arendell ved å fjerne båe systrene. Hans låser Anna inne i eit rom for å døy, og manipulerer deretter dignitærane til å tru at Elsa drap henne, men ikkje før dei vart gifte. Han beordrar at dronninga blir avretta, før han oppdagar at Elsa har rømt frå fengselet.

Olaf frigjer Anna, og dei dristar seg ut i snøstormen utanfor for å møte Kristoffer, som Olaf har avslørt er forelska i henne. Hans konfronterer Elsa utanfor og hevdar at ho har drepe Anna. Elsa bryt saman i sorg og stoggar stormen. Anna, som ser at Hans er i ferd med å drepe Elsa, hiv seg føre systera si medan ho frys heilt til is og stoppar drapsforsøket. Når ei sørgmodig Elsa klemmar den tilfrosne systera si, tinar Anna att etter at heltedåden utgjorde «eit teikn på kjærleik». Elsa innser då at kjærleik er nykelen til å kontrollere magien sin, og gjer ende på vinteren og gir Olaf si eiga snøsky for å overleve det varmare klimaet. Hans blir arrestert og landlyst frå kongeriket, medan handelssambanda med jarlen av Wesseltun blir avbrotne. Anna gir Kristoffer ein ny slede og dei to kyssar. Systrene blir forsona og Elsa lovar å aldri stengje slottsportane att.

Rolleliste endre

Rolle Engelsk stemme[7] Norsk stemme[8]
Anna Kristen Bell May Kristin Kaspersen
Elsa Idina Menzel Lisa Stokke
Kristoffer Jonathan Groff Thorbjørn Harr
Olaf Josh Gad Gustav Nilsen
Hans Santino Fontana Anders Baasmo Christiansen
Jarlen av Wesseltun Alan Tudyk Gard Eidsvold

Produksjon endre

Walt Disney Productions byrja å utforske filmkonsept om forfattaren Hans Christian Andersen i slutten av 1937, før desemberpremieren av filmen Snow White and the Seven Dwarfs. I mars 1940 føreslo Walt Disney eit samarbeid med filmprodusenten Samuel Goldwyn, der studioet til Goldwyn skulle filme levande skodespel medan Disney skulle animere eventyra til Andersen. Dei animerte sekvensane skulle vera baserte på nokre av dei mest kjende verka til den danske forfattaren, som Den lille Havfrue, Den lille Pige med Svovlstikkerne, Den standhaftige tinsoldat, Snedronningen og Den grimme Ælling. Studioet støtte på vanskar med eventyret Snedronningen, ettersom det ikkje kunne finne ein måte å tilpasse karakteren Snødronninga til moderne publikum. Etter at USA gjekk inn i den andre verdskrigen, stagnerte utviklinga av Disney–Goldwyn-prosjektet i 1942. Goldwyn gav ut sin eigen spelefilm om Hans Christian Andersen i 1952, der også eventyra vart fortalde i form av spelefilm gjennom song og ballett. Denne filmen vart nominert til seks Oscar-prisar, medan Disney skrinla alle prosjekta tilknytt eventyra til Andersen, inkludert Den lille Havfrue.

På slutten av 1990-talet byrja Walt Disney Feature Animation å utvikle ei ny tilpasning av Snedronningen, etter å ha opplevd storfelt suksess med sine nylege filmar under den såkalla Disney-renessansen (1989–1999), men prosjektet vart vraka heilt i 2002, då Glen Keane skal ha forlate prosjektet og gjekk inn i eit anna prosjekt som endte opp i 2010-filmen Tangled.

Den 22. desember 2011 annonserte Disney tittelen på filmen, Frozen, og utgjevingsdatoen 27. november 2013. Ein månad seinare vart det stadfesta at filmen ville bli vere ein dataanimert langfilm, i staden for handteikna animasjon, på grunn av komplekse visuelle effektar. Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez deltok i prosjektet og byrja å skrive songar for Frozen i januar 2012. Den 5. mars 2012 vart det annonsert at Chris Buck skulle regissere filmen, med Lasseter og Peter Del Vecho som produsentar.[9]

Animasjon endre

For å skape det visuelle uttrykket i Frozen, vart det utført forproduksjon ved å lese om Skandinavia og vitje den danskprega byen Solvang nær Los Angeles. Til slutt vart fokuset retta mot Noreg, ettersom det visuelle derfrå appellerte mest.[10] Disney sponsa tre feltturar for animatørane. Ein til Jackson Hole for å oppleve å gå, løpe og falle i djup snø med ulike typar klede. Den andre turen gjekk til eit ishotell i Québec for å studere korleis lys skapar refleksjonar og refraksjonar på is og snø. Siste turen gjekk til Noreg for å hente inspirasjon frå fjell, fjordar, arkitektur og kultur.

Fleire norske turistmål er teikna inn i filmen, som Bryggen i Bergen, bergstaden Røros og Akershus festning, i tillegg til norske kulturfenomen som rosemåling, stavkyrkjer og troll. Ei svensk maistong er synleg i filmen, i tillegg til glimt av runar i boka som faren til Anna og Elsa opnar for å finne ut kvar trolla bur. Ein scene der to menn kranglar om veden skal leggjast med borken nedst eller øvst, refererer til den evige debatten om korleis ved skal stablast. Filmen inneheld også fleire element henta frå samisk kultur, som bruk av reinsdyr til transport, klesstilen på isskjerarane og delar av musikken. Arendell vart inspirert av Nærøyfjorden, medan eit slott i Oslo inspirerte designen på innsida av det kongelege slottet. Hovudkarakterane i filmen har norskklingande namn som Anna, Elsa, Kristoff, Hans og Olaf.[11]

Norskspråkleg utgåve endre

I den fyrste norskspråklege traileren frå filmen Frost snakka fleire av hovudpersonane, mellom anna Anna og Kristoffer, telemål. Då den norske kinopremieren nærma seg, vart den fyrste traileren fjerna frå internett og telemålet vart bytt ut med normert riksmål i den endelege versjonen. Trolla snakkar tilnærma normert nynorsk i den norskspråklege utgåva av filmen.[12][13]

 
Peter Del Vecho (produsent), Jennifer Lee (regissør) og Chris Buck (regissør) på premieren av Frozen ved El Capitan Theatre i Hollywood

Mottaking endre

Frozen har tent inn 400,7 millionar dollar i Nord-Amerika og estimert 890 millionar dollar i andre land, som til saman utgjer om lag 1,2 milliardar dollar. Han vart den mest innbringande filmen i 2013, den nest mest innbringande Walt Disney Pictures-utgjevinga og den femte mest innbringande filmen distribuert av Disney. Filmen tente inn 100,6 millionar dollar globalt i opningsveka, og passerte ein milliard dollar i mars 2014.[14]

Frozen fekk to prisar ved Oscar-utdelinga i 2014, der han vann kategoriane «Best Animated Feature Film of the Year» og «Best Original Song» (Let It Go). Filmen fekk hovudsakleg positive omtalar frå pressa. I Noreg gav Dagbladet filmen terningkast fire og skildra han som poetisk, men uelegant samanføydd.[15] Bergens Tidende omtala filmen som biletskjøn med eit «europeisk/nordisk univers støpt i amerikanske former», men også kalkulert og formelprega.[16]

Kulturell innverknad endre

Etter premieren av Frozen, vart det ein auke i amerikansk turisme til Noreg. I perioden januar til mars i 2014 auka trafikken med 37 prosent samanlikna med same perioden året før.[17]

Som følge av den kommersielle suksessen til Frozen har det vorte laga to kortfilmar basert på universet i originalfilmen. Kortfilmen Frozen Fever hadde premiere på kinoar den 13. mars 2015, der han vart vist føre spelefilmen Cinderella. Kortfilmen Olaf's Frozen Adventure hadde premiere på kinoar i USA 22. november 2017, der han vart vist føre Pixar-filmen Coco.

I 2019 kom langfilmen Frozen II ut, som går føre seg tre år etter hendingane i Frozen. Filmen hadde premiere 22. november 2019 i USA og månaden etter i Noreg, på første juledag.

Norsk kultur sin påverknad på filmen endre

Filmselskapet laga ein kopi av Detlistua (frå Oppdal i Trøndelag), og den er sommerhuset til rollefigurane Elsa og Anna.

Kjelder endre

  1. http://www.imdb.com/title/tt2294629/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 17. august 2016; språk på verket: engelsk.
  2. http://www.sfi.se/sv/svensk-filmdatabas/Item/?itemid=79344&type=MOVIE&iv=Basic.
  3. 3,0 3,1 http://www.d-zine.se/filmer/frost.htm.
  4. http://nmhh.hu/dokumentum/198182/terjesztett_filmalkotasok_art_filmek_nyilvantartasa.xlsx.
  5. 5,0 5,1 https://www.boxofficemojo.com/title/tt2294629/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 22. mai 2022.
  6. «Critics' Choice Awards: The Winners». The Hollywood Reporter (Prometheus Global Media). 17. januar 2014. Arkivert frå originalen 17. oktober 2014. Henta 30. november 2019. 
  7. «Frozen (2013) - Full Cast & Crew», Internet Movie Database (på engelsk), henta 25. november 2019 
  8. ««Frost» med sterke norske stemmer», filmweb.no (på norsk bokmål), 25. november 2013, henta 25. november 2019 
  9. Gilchrist, Todd (5. mars 2012). «Kristen Bell Set to Star in Stage Adaptation "Some Girls", Animated Feature "Frozen" (Exclusive)». The Hollywood Reporter. Arkivert frå originalen 7. mars 2012. Henta 1. desember 2019. 
  10. Emanuel Levy, "Frozen: Setting and Visual Look" Arkivert 24. februar 2014 ved Wayback Machine., Emanuel Levy Cinema 24/7, 26. desember 2013.
  11. «Julegave fra Disney til norsk reiseliv». NRK. 20. november 2013. Henta 15. november 2019. 
  12. «Ei kald skulder frå Disney». Framtida.no. 30. desember 2013. Henta 26. desember 2014. 
  13. «Disney vraket telemarksdialekten». Norgesnytt.net. 15. januar 2014. Arkivert frå originalen 26. desember 2014. Henta 26. desember 2014. 
  14. Subers, Ray (2. mars 2014). «Weekend Report: Neeson Beats Jesus, "Frozen" Hits $1 Billion». Box Office Mojo. Arkivert frå originalen 3. mars 2014. Henta 1. desember 2019. 
  15. «Eventyrblanding». Dagbladet. 25. desember 2013. Henta 15. november 2019. 
  16. «Prinsessen og det kalde kongeriket». Bergens Tidende. 23. desember 2013. Henta 15. november 2019. 
  17. «Disney-film gir økt turisme til Norge fra USA». Aftenposten. 31. mai 2014. Henta 1. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Frozen