Financial Times (FT) er ei britisk liberal næringslivsavis som kjem ut i London. Ho inneheld òg mykje generelt politisk stoff, og blir rekna som ei leiande kvalitetsavis. Sjefredaktør er Roula Khalaf (sidan januar 2020).[5]

Financial Times

LandStorbritannia
TypeDagsavis[1]
InnhaldFinans
Grunnlagd9. Januar 1888'"`uniq--ref-00000001-qinu`"'
EigararNikkei Inc.
SpråkEngelsk
Politisk posisjonSentrisme[3]
Opplag111 898 (september 2021)[4]
HovudkvarterBracken House
ISSN0307-1766, 1476-8844
Nettstadhttps://www.ft.com (engelsk), https://www.ftchinese.com/ (kinesisk)
Framsida til Financial Times frå 13. februar 1888.

Historie endre

Avisa blei grunnlagd under namnet London Financial Guide i januar 1888 av Horatio Bottomley. I februar same året fekk ho namnet Financial Times. I 1893 tok avisa i bruk lakserosa papir (som også Dagens Næringsliv brukar i Noreg), noko som skilde henne klart ut frå andre aviser, særleg den noko eldre konkurrenten Financial News. Dei to avisene blei slått saman i 1945. I 1957 blei avisa kjøpt opp av Pearson Publishing Group.

23. juli 2015 gjekk Nikkei Inc. med på å kjøpåvisa for 844 millionar pund,[6] og kjøpet blei endeleg den 30. november 2015.[7]

Utgåver endre

Det er blitt trykt ei eiga utgåve for europeiske og nordamerikanske lesarar i Frankfurt am Main sidan 1979. Avisa har eit opplag på over 440 000 eksemplar. Rundt ein firedel av det blir seld i Storbritannia.

I tillegg til den engelskspråklege avisa blei det frå 2000 til 2012 gjeve ut ei tyskspråkleg utgåve, Financial Times Deutschland, med eit opplag på noko over 100 000. Den 23. november 2012 gjorde styret i forlaget Gruner+Jahr som utgjevar av den tyske utgåva det kjend at den tyske utgåva skulle innstillast av økonomiske årsaker. Den siste utgåva kom ut den 7. desember 2012. Avisa hadde då produsert eit kumulert tap på 250 millionar euro.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre