Finn Helgesen (25. april 19193. september 2011) var ein norsk skøyteløpar som vart olympisk meister på 500 meter under Vinter-OL 1948 i St. Moritz.

Finn Helgesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. april 1919
Drammen kommune
Død

3. september 2011 (92 år)
Lørenskog

Yrke skøyteløpar
Finn Helgesen på Commons

Aktiv endre

Helgensen var rein sprint-løpar og hevda seg aldri på andre distansar enn 500 m. Han vann 500-meteren i noregsmeisterskapane 1947, 1949 og 1952. Under dei olympiske leikane i St. Moritz i 1948 gjekk han sitt livs snøggaste løp og vart klokka i mål på 43,1 sekundar. Han tok dermed gullmedaljen på 500 m, eitt tidels sekund framom tre løparar som fekk kvar si sølvmedalje, mellom dei landsmannen Thomas Byberg. Fire år seinare fekk Helgesen same tid, 44,0, som parkameraten Gordon Audley frå Canada under Vinterleikane 1952 i Oslo, men vart dømt etter i mål og enda på femteplass.

Helgesen var fødd i Drammen, men representerte Oslo Skøiteklub. Han døydde i Lørenskog.

Kjelder endre

  • (en) Finn Helgesen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.