Finnsnes
Finnsnes er ein by og administrasjonssenteret i Senja kommune i Troms og Finnmark. Staden var òg senter i tidlegare Lenvik kommune i Troms. Byen ligg på ein odde på fastlandet ut mot Senja, om lag 70 km sørvest for Tromsø, og er knytt til tettstaden Silsand på Senja-sida med den 1147 meter lange Gisundbrua. Frå Finnsnes går fylkesveg 86 søraustover til E 6. Hurtigruta har anløp på Finnsnes, og det er samband med hurtigbåt til Harstad og Tromsø.
Finnsnes | |||
tettstad | |||
Finnsnes sett frå Hurtigruta
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Senja | ||
Areal | 3,27 km² | ||
Folketal | 4 658 (2017) | ||
Folketettleik | 1 424 / km² | ||
Postnummer | 9300 FINNSNES | ||
Innbyggjarnamn | finnsnesværing | ||
Preposisjon | på Finnsnes | ||
![]() Finnsnes | |||
Wikimedia Commons: Finnsnes | |||
Finnsnes er eit viktig inustri-, handels- og kommunikasjonssenter og regionsenter for ytre Midt-Troms. Byen har kjøpesenter, hamn, hotell, idrettsbygg, kulturhus, barne- og ungdomsskole. Kontora til avisa Troms Folkeblad ligg på Finnsnes.
I 2000 vedtok Lenvik kommunestyre bystatus for Finnsnes.
BildegalleriEndra
Finnsnesvatnet med Lenvik rådhus til høgre