Finsk syntaks er prega av at finsk er eit SVO-språk med relativt fri ordstilling. Andre ledd enn subjektet kan stå først i setninga, avhengig av informasjonsstrukturen. Ordstillinga innanfor substantivfrasene er langt strengare.

SubstantivfraserEndra

Viss vi tar utgangspunkt i eit setningsskjema, kan strukturen til finske substantivfraser setjast opp på følgjande måte:

Forfelt
Bestemmarfelt Beskrivarfelt Kjerne Etterfelt
näissä isoissa vanhoissa kirjoissa
i desse store gamle bøkene
minun hillitön haluni ahmia suklaarusinoita
min ustyrlege trong (til) å maule sjokoladerosinar
auto
bil / ein bil / bilen

Finske substantiv blir ikkje bøgd i bestemtheit. auto kan dermed vere både «bil», «ein bil» og «bilen», avhengig av posisjonen det har i setninga (sjå nedanfor). Adjektiv og determinativar i forfeltet kongruerer med substantivet i kasus og numerus. kirjoissa er inessiv fleirtal, det same er determinativen näissä og adjektiva isoissa, vanhoissa. Bestemmarfeltet kan innehalde ein possessor i genitiv. Viss possessoren er eit pronomen, kongruerer substantivet med possessoren iperson og numerus. Jf. «mi, di, hans/hennar, vår, dykkar, deira bok»:

  • minun kirjani, sinun kirjasi, hänen kirjansa, meidän kirjamme, teidän kirjanne, heidän kirjansa.

Viss possessoren er eit substantiv er det umogleg med possessivsuffiks: Pekan kirja / *Pekan kirjansa (* markerer at frasen er ugrammatisk). I finsk talespråk er det ein aukande tendens til ikkje å bruke possessivsuffiks i lag med possessor (minun kirja, osb.).

Viss bestemmarfeltet inneheld ein kvantor (eit talord høgare enn yksi «ein», eller eit ord som tyder «mange» o.l.) står ledda til høgre for kvantoren og til og med substantivet i partitiv eintal («kaksi suurta rasiaa» = to store øskjer, meininga er «to (av typen) stor øskje»). I slike tilfelle er det kvantoren heller enn substantivet som er kjernen i frasen. Viss frasen står i eit anna kasus enn nominativ, kongruerer også kvantoren med substantivet i kjernefeltet i kasus, jf. «Minä puhun kahdesta suuresta rasiasta» = «Eg snakkar om to store øskjer», der heile frasen står i elativ (-sta). Kvantoren og frasen står i eintal, sjølv om frasen refererer til fleire objekt. Merk at viss det er ein determativ til venstre for kvantoren, står determinativen i fleirtal, jf. niissä kahdessa vanhassa kirjassa, der niissä står i inessiv fleirtal og dei andre orda i inessiv eintal.

Forfelt
Bestemmarfelt Beskrivarfelt Kjerne Etterfelt
kaksi suurta rasiaa niitä ihania suklaarusinoita
to store øskjer av dei deilige sjokoladerosinane
niissä kahdessä vanhassa kirjassa elokuvan historiasta
i desse to gamle bøkene om filmens historie

Etterfeltet kongruerer ikkje med resten av frasen. Det kan vere ein infinitivsfrase (ahmia suklaarusinoita), eller ein eigen substantivfrase i partitiv eller i eit adverbialkasus, som her, i elativ (elokuvan historiasta, der elokuvan er possessor i genitiv og historiasta elativ).

Det finst eit lite sett adjektiv som ikkje kongruerer med substantivet i kjernefeltet, m.a. pikku «vesle», ensi «fremre, første», viime «siste». Viss frasen inneheld fleire adjektiv må desse stå til slutt (mukavassa pikku kirjeessä / *pikku mukavassa kirjeessä «i det trivelege vesle brevet»).

P-posisjonsfraserEndra

Finsk har både preposisjonsfraser og postposisjonsfraser. Syntaktisk har dei same rolle i setninga, dei utgjer adverbialfraser av ulike slag (tidsadverbial, måtesadverbial, ...), men den indre strukturen deira er ulik.

Den minste gruppa er preposisjonsfrasene. Dei reine preposisjonane, dei som berre tar komplementet sitt til høgre, må alltid ha komplementet sitt i partitiv: ilman sinua «utan deg», vailla tulevaisuutta «utan framtid, vastoin tahtoani »mot min vilje" har alle komplement til høgre og i partitiv.

Ei gruppe kan vere både pre- og postposisjonar. Nokre av dei tar berre komplement i partitiv, andre berre i genitiv, andre tar begge delar.

  • Berre partitiv: ennen aikoja / aikoja ennen «lang tid før», kohti taivasta / taivasta kohti «mot himmelen», vasten minua / minua vasten «mot meg».
  • Berre genitiv: läpi kansallispuistoon / kansallispuiston läpi, ohi «gjennom»
  • Genitiv eller partitiv:

Den største gruppa er postposisjonane, som dannar postposisjonsfraser. Nokre av postposisjonane kan ta possessivsuffiks, andre kan det ikkje.

  • Postposisjonar utan possessivsuffiks: minun jälkeen «etter meg», minun kautta «via meg», meidän kesken «oss i mellom».
  • Postposisjonar som kan ta possessivsuffiks: pöydän alla / minun allani «under bordet/meg», äidin luona / sinun luonasi «hos mor/deg».

Formelt har partitivspreposisjonane same struktur som verb + (partitivs)objekt (ilman sinua / rakastan sinua «utan deg / (eg) elskar deg»), mens genitivspostposisjonane har same struktur som nominalfraser med genitivspossessor. Det som skil dei frå ordinære NP-ar er at dei sjølv ikkje blir bøygd i (alle) kasus, at dei berre opptrer som adverbial, og at dei har ei rein relasjonell tyding («over, under, med, attmed, inni», osb.)

VerbfraserEndra

VerbaletEndra

Det finske tempussystemet er det same som systemet i skandinavisk: Verb blir bøygd i presens og preteritum (puhun / puhuin «eg snakkar/snakka»). Desse verba blir kombinert anten med partisipp eller med infinitiv. Presens refererer til taleaugneblinken og preteritum til eit tidspunkt eller -periode før det. Partsipp refererer til tidspunkt før dette, og intifinitiv til tidspunkt etter, akkurat som i norsk.

Presens Preteritum Presens partisipp Preteritum partisipp
minä puhun minä puhuin minä olen puhunut minä olin puhunut
eg snakkar eg snakka eg har snakka eg hadde snakka
Presens infinitiv Preteritum infinitiv
haluan puhua halusin puhua
eg vil snakke eg ville snakke

I tillegg til infinitiven og partisippa i døma ovanfor har finsk .

ValensEndra

Finske transitive verb tar objekt i partitiv kasus. Viss handlinga blir oppfatta som avslutta, eller som at ho representerer ein heilskap, står objektet i akkusativ. Jf. følgjande døme:

  • Minä syön ruokaa (eg et mat-PAR, eg er i ferd med å ete) (uavslutta handling)
  • Han ei ota kaukosäädintä (ho tek ikkje fjernkontrollen-PAR) (nekting)
  • Minä rakastan sinua (eg elskar deg-PAR) (irresultativ)

Der det er heilskap eller avslutta handling blir det derimot akkusativ:

  • Minä syön ruoan loppuun (eg et opp maten-AKK) (avslutta handling)
  • Han ottaa kaukosäätimen (ho tek fjernkontrollen-AKK) (avslutta handling)
  • Minä rakastan sinut kuoliaksi (eg elskar deg-AKK til døde) (resultativ)

Visse verb subkategoriserer for objekt i oblike kasus:

  • Minä pidän sinusta (eg liker deg-ELA) (pitää 'halde, like'=
  • Ruokaa maistuu hyvälle (Maten smakar godt)

LitteraturEndra

  • Hakulinen, Auli ja Fred Karlsson 1977: Nykysuomen lauseoppia. SKS
  • Vilkuna, Maria 1996: Suomen lauseopin perusteet. Edita.