Firdaligaen er det offisielle namnet på avdeling 16 i norsk 3. divisjon for herrefotball. Serien fekk namnet Firdaligaen våren 2007 grunna sponsinga frå lokalavisa Firda. Ligaen har 12 lag, alle frå Sogn og Fjordane. Vinnaren av serien får spele kvalifisering om opprykk til 2. divisjon fotball for menn. Etter at serien vart omdøypt til Firdaligaen, har ingen av klubbane makta opprykk.

Tidlegare vinnarar endre

Mediestrid endre

Sponsinga frå Firda medførte ein del krangling og oppheita diskusjonar mellom ulike mediekanalar i Sogn og Fjordane. Mellom anna klaga Sogn og Fjordane Journalistlag Firdaliga-avtalen inn til PFU. Dei meinte at denne avtalen vil gje Firda mykje gratisreklame. Distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane har også vore sterkt kritisk til namnet.

Relevante nettsider og kjelder endre