Opna hovudmenyen

First House er eit norsk kommunikasjons- og rådgjevningsselskap som starta verksemd  4. januar 2010. Selskapet vart kjend allereie i oktober 2009 på grunn av at ei rekkje toppolitikere var gründarar av selskapet.[1][2] Selskapet leverer rådgjeving innan finansiell og politisk kommunikasjon, verksemdkommunikasjon, leiarkommunikasjon, posisjonering, krise- og mediahandtering.

First House
SelskapsformAksjeselskap
Org.nr.994575775
Skipa21. september 2009
BransjeKommunikasjonsrådgivning og annen virksomhet i tilknytning til dette
Adm.dir.Per Høiby

Selskapet er strukturert som eit partnarskap. Dagleg leiar i First House er Per Høiby[3] og styreleiar er Kari Holm Hejna. Selskapet har 16 partnarar av totalt 33 tilsette. Vidare har selskapet knytt til seg om lag ti industrielle rådgjevarar som assosierte partnarar.[4] I mai 2014 kom Aftenpostens Harald Stanghelle med påstandar om at First House skal ha vore engasjert av Kina eller «kinesiske interesser» for å sverta Thorbjørn Jagland og å påverka sammensetninga av Den norske Nobelkomite. First avviste dette, og klaga Stanghelle inn til PFU. Tysdag 23. september slo Pressens Faglege Utval fast at Aftanposten braut god presseskikk i ein kommentarartikkel om selskapet. PFU konkluderte vidare med at avisa skulle ha gjeve selskapet høve til såkalla samstundes imøtegåing. Avisa vart likevel ikkje felt for sitt kjeldeval fordi utvalet meinte det tydeleg kom fram i artikkelen.

First House vart kåra til Årets konsulentselskap i Noreg i 2014 av Konsulentguiden. I 2012 vann selskapet SABRE Awards som årets nykomar i Europa, Midtausten og Afrika (EMEA). Dette er ein internasjonal konkurranse i regi av "Holmes Report". Selskapet vart òg nominert til Finance Consultancy of the year i 2012 av "Holmes Report".

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra