Fiskemåse

fugleart
Fiskemåse
Fiskemåse
Fiskemåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av fiskemåse
Utbreiinga av fiskemåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Larus
Art: Fiskemåse L. canus
Vitskapleg namn
Larus canus

Fiskemåse (Larus canus) er ein fugl som høyrer til i måsefamilien og hekkar over store delar av den nordlege halvkula. Lokale namn er kvakk, småmåge, verpemåge i Vest-Agder, mause i Hordaland, sing i Møre og Romsdal, seing i Nord-Trøndelag og småmåse i Nordland.[2]

Arten er vanlegvis delt inn i fire underartar, som alle viser mindre skilnader i fjørdrakt og storleik. Fiskemåsen minner om gråmåsen, men er mykje mindre og slankare. Som vaksen i sommardrakt har den ei grå overside og er elles kvit, med gult nebb, og svarte vengespissar med kvite kantar. Beina er gulgrøne og med symjeføter. Juvenilen er lysbrun flekkete, og denne drakta blir deretter skifta ut i etappar til han ber ei vaksendrakt i løpet av det tredje leveåret sitt.

Fiskemåsen hekkar i ei rekke biotopar i nærleiken av vatn, men finst òg i urbane miljø. Han hekkar både i større koloniar og som einskildpar. Måsen legg eitt kull i året, som i gjennomsnitt inneheld tre egg. Paret rugar og tar seg av ungane saman. Dei fleste er trekkfuglar.

Fiskemåsen har eit vidt utbreiingsområde og verdsbestanden er stor, og derfor er han kategorisert som globalt livskraftig (LC).[3] På den norske raudlista er han lista som nær truga, NT.[1]

Utbreiing og taksonomiEndra

Fiskemåsen hekkar over store delar av den nordlege halvkula. Generelt kan det seiast at han hekkar sirkumpolart mellom 50. og 70. breiddegrad, bortsett frå Grønland og austlege Canada. Han hekkar i heile Skandinavia og finst både ved kysten og innlandet. Ein fast bestand har eksistert på Island frå 1955. Over det aller meste av utbreiingsområdet er han ein trekkfugl, men finst likevel året rundt i delar av hekkeområdet, hovudsakleg langs kystar, i Sør-Skandinavia, Storbritannia, Baltikum, Polen, Tyskland, Nederland og Frankrike, og langs kysten av det sørvestlege Canada.[4] Talet på individ i desse vinterlokalitetane kan variere med årlege svingingane i temperaturar som påverkar tilgangen på føde.

Verdspopulasjonen er estimert til mellom 2,5 og 3,7 millionar individ, rundt 30 % av desse høyrer til europeiske bestandar.[3]

Fiskemåsen er i dag delt inn i fire underartar:[5]

L. c. canus - nominatforma hekkar i nordlegaste Europa, frå Island og Storbritannia i vest over Skandinavia aust til Kvitehavet og Kaninhalvøya i Nordvest-Russland; overvintrar langs kystar av Europa sør til Marokko.
L. c. heinei (syn. L. c. major) - hekkar i Russland frå aust for Kaninhalvøya og Moskva-området austover til elva Lena; overvintrar i søraustre Europa og ved Svartehavet og Kaspihavet.
L. c. kamtschatschensis - hekkar i austlege Sibir frå elva Lena i vest, austover omtrent til byen Anadyr ved Beringsundet, Kamtsjatkahalvøyaog området nord for Okhotskhavet; overvintrar i Søraust-Asia, inkludert Japan, Taiwan og nordlege Sør-Kina-havet med øya Hainan.
L. c. brachyrhynchus - hekkar i Alaska og nordvest i Canada; overvintrar langs vestkysten av Alaska og sørover til California og inn i Baja California, Mexico.

Taksona L. c. kamtschatschensis og L. c. brachyrhynchus blir nokon gonger vurderte å vere separate artar.[4]

SkildringEndra

Kroppslengda er 40–46 centimeter og vengespennet 100–115 centimeter. Vekta varierer mellom 290-586 gram. Han minner om gråmåsen, men er monaleg mindre og slankare. Han har òg spinklare nebb, rundare hovud og ein spenstigare, raskare flukt enn gråmåsen. Kjønna er like, men dei skil seg med at hofuglen er litt mindre enn hannar.[4] Fiskemåsen har tre aldersklassar, det vil seie dei har fullt utvikla fjørdrakt først tredje leveåret. I hekkedrakt er han grå på oversida av vengene og på ryggen. Bryst, undergump, overgump og hale er kvite. Svarte ytre handpenner med stor kvit flekk. Han har lyse gulgrøne bein og gult nebb. I vinterdrakta blir hovudet og nakken lyst gråstreka, nebbet blir grønare inne ved nebbrota, og han får ein svart ring som skil av den gule nebbspissen.[6]

Den juvenile fiskemåsen har brungrått hovud og bryst med brune skjelmønstra teikningar på oversida, undersida vatra gråkvit, men brystet er brungrått. Beina og nebbet er svakt rosa utanom nebbspissen som er mørk. Han har eit breitt endeband på halen i kontrast mot den kvite overgumpen. Undersida av vengene er som oversida grovt flekka i gråbrunt.

Fiskemåsen i den første vinteren sin har fått grå rygg, vengene er framleis brunlege. Brystet er blitt lysare brunflekt og beina har vorte lysare rosa. Òg nebbet er meir distinkt farga med rosa nebbrot og svart nebbspiss. Han har stadig det distinkte endebandet sitt, hovudet er meir gråstreka og vengundersidene flekka i grått, svart og brunt.

Drakta i den andre vinteren liknar vaksne fuglar i vinterdrakt, men har meir gråbrunlege strek ned hals og bryst. Beina er no lyst gulgrøne og nebbet har eit kraftig svart band mellom den gulgrøne nebbrota og den gråkvite nebbspissen.[6]

Skildring av kropp og fjørdrakt ovanfor gjeld nominatforma i Europa. Dei andre tre underartane skil seg frå nominatforma både i storleik og i fjørdrakt. Til dømes er fuglane i Europa dei minste, elles er storleiken aukande frå vest mot aust gjennom Eurasia.

LæteEndra

Fiskemåsen lokkar med velkjente misnøgde "gia". Ved uro blir høyrt iherdige "mad-u mad-u...". Revirlætet blir skildra som "ke ke ke kliiih-a... kliiih-a... kej-a kej-a kej-a kej-a kej-a ke ke".[6] All læte er meir lysrøsta enn gråmåsen sine tilsvarande rop.

ØkologiEndra

Fiskemåsen hekkar i ei mengde ulike biotopar i nærleiken av vatn som til dømes store sjøar, mindre skogtjern og ved kysten. Langs kystane og ved store innsjøar hekkar han ofte i store koloniar. Dei blir òg funne i bymiljø, og finn trygge hekkeplassar på hustak. Generelt unngår dei høg, tett vegetasjon og ønsker oversikt frå reirplassen.

I koloniane plasserer dei reira med ca. fire meters avstand. Dei som hekkar einslege legg reiret mest vanleg på bakken, men òg i tre. Reiret er ein skålforma konstruksjon av plantemateriale.

Fiskemåsen hekkar første gangen ved tre til fem års alder. Han legg i snitt tre egg som paret rugar i mellom 23 og 28 døgn. Foreldra tar sidan felles hand om ungane, som blir flygedyktige etter ca. 28 til 33 døgn. Vanlegvis skjer egglegginga i byrjinga til midten av mai.

Fiskemåsen er ein altetande art som ofte søker mat nær menneske og kan flyge lange strekk frå hekkeplassen til å søke føde. I naturen tar han fisk og fiskeavfall, blåskjel, meitemark, insekt som flygemaur, bær og frø, men òg hushaldsavfall i byar.

Utbreiing og bestand i NoregEndra

 
Fiskemåseegg
Fiskemåse, fiskemåke
Namn på andre språk
SvenskFiskmås
DanskStormmåge
FinskKalalokki
EngelskCommon Gull (Sea Mew, Mew Gull)
TyskSturmmöwe
FranskGoéland cendré
SpanskGaviota cana
RussiskSizaja tsjajka (Сизая чайка), vizgunja (визгунья)

Fiskemåsen hekkar ved kystar og ferksvatn heilt opp over tregrensa og til ca. 1400 moh. Kart over hekkeutbreiinga i Norsk Fugleatlas 1994 syner at han spreidd over det meste av landet, noko mindre tett i Finnmark enn resten av landet.[7] Hekkebestanden i Noreg var trudd å vere i området 180 000 - 250 000 individ i 2015. Ut frå talmateriale er det estimert ein tilbakegang av populasjonen i perioden 1990 til 2015 på 15 til 30 %. I nokre område som kysten av Rogaland var nedgangen så mykje som 92 % i same periode. Det meste av nedgangen har skjedd sør for Stad.[1]

Dei fleste fiskemåsane som hekkar i Noreg trekker ut av landet i august. Overvintringsområdet er kystar av nordsjølanda og nokre trekker så langt sør som til Portugal. Dei returnerer til hekkeplassane i mars og april. Det finst likevel ein vinterbestand att i Noreg, særleg i sørvest. Desse fuglane lever dels nomadisk og er krevjande å telje. Fleire av desse er trudd å kome frå nord og aust.[7][8]

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Norsk raudliste 2015 Faktaside for fiskemåse Henta 28. september 2020
  2. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 354. 
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2020) Species factsheet: Larus canus. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. september 2020
  4. 4,0 4,1 4,2 Moskoff, W. and L. R. Bevier (2020). Mew Gull (Larus canus), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.mewgul. Henta 28. september 2020, betalingsteneste
  5. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 28. september 2020 
  6. 6,0 6,1 6,2 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  7. 7,0 7,1 Jørgensen, Finn. (2006). Norsk vinterfuglatlas: fuglenes utbredelse, bestandsstørrelse og økologi vinterstid. Trondheim: Norsk ornitologisk forening. s. 223. ISBN 978-82-7852-073-4. 
  8. Fuglevennen faktaside Fiskemåke (Larus canus) Henta 29. september 2020

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fiskemåse