Fiskerisona ved Jan Mayen

Fiskerisona ved Jan Mayen på 200 nautiske mil rundt Jan Mayen vart oppretta i medhald av soneloven med verknad frå 29. mai 1980, utan dei avgrensingane som gjeld for fiskevernson ved Svalbard. I likskap med fiskevernsona er sona rundt Jan Mayen ikkje ei full økonomisk sone, men ei sone som er avgrensa til fiskeriformål. I motsetnad til ved det norske fastlandet, er det ikkje fastsett ei særleg fiskerigrense rundt Jan Mayen. Regelverket for utlendingars fiske og fangst i NØS gjeld i utgangspunktet tilsvarande i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kjelde

endre

Fiskeri- og Kystdepartementet: Fiskevernsonen ved Svalbard og fiskerisonen ved Jan Mayen