Fjelløkologi er eit fagfelt innan økologi som tek for seg økosystemfjell eller andre område i høgda rundtom på jorda. Klimaet har sterk innverknad på økosystemet i fjella. Temperaturane blir lågare jo høgare opp ein kjem. På grunn av dette dannar økosystema i fjella gjerne sjikt av livssoner ut frå høgd. Tjukk skog er vanleg ved moderat høgd, medan ein i høgare område med barskare klima gjerne finn grassletter eller tundra.

Fjellplantar i ulike livssoner ved Cascade Pass i Washington i USA.
Skisse over dei ulike høgdesonene i Alpana på den solrike og den skuggefulle sida.

Livssoner endre

Ei typisk livssone i fjellet er fjellskog, som veks opp til tregrensa med ei subalpin overgangssone med tynnare tredekke. Over dette finn ein lågareveksande alpin vegetasjon eller alpin tundra. Nokre stader kan fjellskogen også ha ei nedre tregrense der fjellskogen går over i tørrare steppe eller ørken.[1] Andre stader kan ein finna låglandsskog her.[2]

Holdridge-systemet definerer klimaet til fjellskog til å ha ein biotemperatur på mellom 6 and 12 °C, der biotemperatur er gjennomstemperaturen med temperaturar under 0 °C r ekna som 0 °C.[3] Biotemperaturen i den subalpine sona er mellom 3 0g 6 °C.[3] Biotemperaturen i den alpine sona er mellom 1,5 og 3 °C. I klima med biotemperatur under 1,5 °C finn ein som regel berre stein og is.[3]

Fjellskog endre

 
Tropisk fjellskog ved rundt 2000 m i Malaysia.

Fjellskog veks i område der nedbør og temperert klima gjer det mogleg for eit tett tredekke å veksa. Høgdene der ein finn fjellskog varierer over heile verda, særleg etter breiddegrad.

Den øvre grensa, tregrensa, er ofte markert av ein overgang til meir hardføre artar som veks mindre tett enn nedanfor.[1] I Sierra Nevada i USA finn ein til dømes tett dekke av vrifuru og praktgran i fjellskogen, medan den subalpine sona har lausare klynger av kvit furu, Pinus albicaulis.[4]

Fjellskogar skil seg frå låglandsskogar i same område.[5] Sidan klimaet i fjellskogen er kaldare enn låglandsklimaet på same breiddegrad, kan ein ofte finna artar som er typiske på høgare breiddegrader i fjellskogen.[6] På isolerte fjell der fjellskogar er omgjevne av trelause tørre regionar dannar fjellskogen økosystem av såkalla 'himmeløyer', sky islands.[7]

Temperert klima endre

Fjellskogar i temperert klima er typisk barskog eller blanda skog. Dei er kjende frå mellom anna Nord-Eurpa, nordlege USA og sørlege Canada. Trea er ofte ikkje nett dei same ein finn lengre mot nord - geologi og klima gjer at ulike, relaterte artar finst i fjellskogane. Fjellskogar pleier vera meir artsrike i resten av verda enn i Europa. Dette kjem av at dei store fjellkjedene i verdsdelen går aust-vestover, noko som blokkerte migrasjonen til artane i den siste istida.

Ein finn døme på tempererte fjellskogar i Europa (i Alpane, Karpatane, Kaukasus og andre stader), Nortd-Amerika (Kaskadefjella, Klamath-Siskiyou, Appalachane og så vidare), sørvestre Sør-Amerika, New Zealand og Himalaya.

Middelhavsklima endre

Fjellskogar som veks i middelhavsklima er varme og tørre bortsett frå på vinterstid, då dei er relativt våte og milde. Desse skogane er typisk blanda lauv- og barskog, med berre nokre få barstreartar. Furu og einer er typiske bartre knytt til middelhavsfjellskog. Lauvtrea er meir varierte og er ofte vintergrøne, til dømes eviggrøn eik. Ein finn denne skogtypen i middelhavsland, Iran, Afghanistan og Pakistan, Mexico og sørvestlege USA.

Tropisk og subtropisk klima endre

Fjellskogar i tropane kan både bestå av tropiske og subtropiske lauvtre i tillegg til tropiske bartre. Eit særskild døme på tropisk fjellskog er tåkeskog, som tek til seg væte frå skodde og skyer.[8] I tåkeskogar finn ein ofte mykje mose både på bakke og andre plantar - då kan dei også kallast moseskogar. Ein finn som regel moseskogar i lågare område mellom fjelltoppar, der væte frå skyer som legg seg lettare blir halden att.[9] Den nedre høgdegrensa for regnskogar i høge fjell varierer etter breiddegra, men ligg som regel mellom 1500 og 2500 meter, medan den øvre grensa vanlegvis ligg mellom 2400 og 3300 meter.[10]

Subalpine soner endre

 
Ei klynge fjellbjørk rundt 750 moh. i Trollheimen. Dette er typisk for subalpin skog i Skandinavia.
 
Krummholz i Glacier National Park i Montana.

Den subalpine sona er ei livssone like nedanfor tregrensa. I tropiske delar av Søraust-Asia kan tregrensa liggja over 4000 moh.,[11] medan ho i Skottland kan gå så lågt som 450 moh.[12] Artar i denne sona kjem an på kvar ho ligg på jorda, med til dømes snøeukalyptus i Australia, fjellbjørk i nordlege Europa og fjellerk, fjellhemlokk og fjelledelgran i vestlege Nord-Amerika.

Tre i den subalpine sona kan ofte vera avstumpa og forvridde, ein veksttype kjend som krummholz. Ved tregrensa kan trefrø spira i ly av ei steinblokk og så berre veksa så høgt som steinen skjermar dei for vinden. Vidare vekst er meir vassrett enn loddrett, og treet kan slå rot der greinene kjem i kontakt med jorda. Snødekke kan verna krummholz-tre om vinteren, men greiner som stikk opp over vindly eller snødekke blir vanlegvis øydelagde. Veletablerte krummholz-tre kan bli fleire hundre og opptil tusen år gamle.[13]

Ein kan også finna enger i den subalpine sona. Tuolumne Meadows i Sierra Nevada i California er eit døme på ei subalpin eng.

Nokre subalpine soner i verda er til dømes i Préalpes i Dei franske Alpane, subalpine soner i Sierra Nevada og Rocky Mountains i Nord-Amerika og i Himalaya og Hengduanfjella i Asia.

Alpin vegetasjon endre

 
Alpin myr i dei sveitsiske Alpane.

Over tregrensa ligg alpine grassletter og tundra. Dette er område med intens stråling, vind, kulde, snø og is. På grunn av dette ligg alpin vegetasjon tett ved bakken og består hovudsakleg av fleirårige grastypar, halvgras og liknande plantar. Eittårig plantar er uvanlege i dese økosystema og er vanlegvis berre nokre centimeter høge, med svake rotsystem.[14] Andre vanlege plantetypar er låge buskar, grastuver og sporeplantar som mose og lav.[15]

Plantar har tilpassa seg dei barske tilhøva på ulike måtar. Puteplantar, som liknar bakkenære moseklumpar, kjem seg unna den sterke vinden som bles nokre centimeter over dei. Mange blomsterplantar på den alpine tundraen har tjukke hårlag på blad og stenglar som verner dei mot vind, eller raudfarga pigment som kan gjera om lysstrålene frå sola til varme. Nokre plantar bruker to eller fleire år på å utvikla blomsterknoppar, som overlever vinteren under bakken og så opnar seg og dannar frukter i dei korte sommarvekene.[16] Ikkje-blomstrande lav sit fast på bakken eller på steinar. Dei innelukka algecellene deira kan driva fotosyntese i einkvar temperatur over 0 °C, medan dei ytre sopplaga kan absorbera meir enn si eiga vekt i vatn.

Alpine enger blir danna der sediment frå forvitra steine rundt har gjeve godt nok jordsmonn til gras og halvgras. Alpine grassletter er så vanlege på verdsbasis at dei er klassifisert som eit biom av WWF. Bioma har ofte utvikla seg som avsondra øyar i høve til andre fjellregionar sidan dei lågare, varmare regionane rundt har heilt andre økosystem. Fjellbioma kan dermed vera heim til mange særeigne, endemiske plantar som har utvikla seg i samband med det kjølige, våte klimaet og den rike tilgangen på sollys.

 
Páramovegetasjon i Valle de Frailejones i Sierra Nevada del Cocuy i Colombia.

Dei mest vidstrekte fjellgrasslettene og krattskogeområda finst i den neotropiske páramoen i Andesfjella. Biomet finst også i fjella i Aust- og Sentral-Afrika, Gunung KinabaluBorneo, dei sentrale høglanda på Ny-Guinea og dei høgaste delane av dei vestlege Ghatfjella i Sør-India. Ein særskild eigenskap ved mange fuktige fjellregionar er at ein finn digre rosetteplantar frå fleire ulike plantefamiliar, som Lobelia (afrotropisk), Puya (neotropisk), Cyathea (Ny-Guinea) og Argyroxiphium (Hawaii).

Ved tørrare tilhøve kan ein finna fjell-grassletter, savannar og skogar, som dei etiopiske høglanda, og fjellstepper, som på den tibetanske høgsletta.

Trugsmål endre

Tilpassingane som gjer at alpin vegetasjon kan overleva kulde og tørrande vindar gjer at han verker hardfør, men i nokre samanhengar er vegetasjonen svært sårbar. Gjenteken nedtråkking kan til dømes drepa tundraplantane. Den nakne jorda blir så erodert bort, og kan berre erstattast gjennom ein prossess over fleire hundre år.[16]

Menneske kan også forstyrra fjellskog gjennom skogbruk og jordbruk.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Price, Larry W. (1986). Mountains and Man: A Study of Process and Environment. University of California Press. s. 271. ISBN 9780520058866. Henta 9. mars 2012. 
  2. Fjellnaturen og trusler, Norges Naturvernforbund, henta 9. januar 2016 
  3. 3,0 3,1 3,2 Lugo, Ariel E.; Brown, Sandra L.; Dodson, Rusty; Smith, Tom S.; Shugart, Hank H. (1999). «The Holdridge Life Zones of the conterminous United States in relation to ecosystem mapping» (PDF). Journal of Biogeography 26 (5): 1025–1038. doi:10.1046/j.1365-2699.1999.00329.x. 
  4. Rundel, P.W.; D. J. Parsons; D. T. Gordon (1977). «Montane and subalpine vegetation of the Sierra Nevada and Cascade Ranges». I Barbour, M.G.; Major, J. Terrestrial vegetation of California. New York, USA: Wiley. s. 559–599. 
  5. 5,0 5,1 Nagy, László; Grabherr, Georg (2009). The biology of alpine habitats. Oxford University Press. 
  6. Perry, David A. (1994). Forest Ecosystems. JHU Press. s. 49. ISBN 0-8018-4987-X. Henta 9. mars 2012. 
  7. Albert, James S.; Reis, Roberto E. (2011). Historical Biogeography of Neotropical Freshwater Fishes. University of California Press. s. 311. ISBN 0-520-26868-7. Henta 9. mars 2012. 
  8. Mulligan, M. (2011). «Modeling the Tropics-Wide Extent and Distribution of Cloud Forest and Cloud Forest Loss, with Implications for Conservation Priority». I Bruijnzeel, L. A.; Scatena, F. N.; Hamilton, L. S. Tropical Montane Cloud Forests: Science for Conservation and Management. Cambridge University Press. s. 15–38. ISBN 0-521-76035-6. Henta 9. mars 2012. 
  9. Clarke, C.M. (1997). Nepenthes of Borneo. Kota Kinabalu: Natural History Publications (Borneo). s. 29. 
  10. Bruijnzee, L.A.; Veneklaas, E. J. (1998). «Climatic Conditions and Tropical Montane Forest Productivity: The Fog Has Not Lifted Yet». Ecology 79: 3. doi:10.2307/176859. 
  11. Blasco, F.; Whitmore, T.C.; Gers, C. (2000). «A framework for the worldwide comparison of tropical woody vegetation types» (PDF). Biological Conservation 95 (2): 175–189. doi:10.1016/S0006-3207(00)00032-X. Arkivert frå originalen (PDF) 23. mars 2012. Henta 11. mars 2012.  p. 178.
  12. Grace, John; Berninger, Frank; Nagy, Laszlo (2002). «Impacts of Climate Change on the Tree Line». Annals of Botany 90 (4): 537–544. PMID 12324278. doi:10.1093/aob/mcf222.  fig. 1.
  13. «Subalpine ecosystem». Rocky Mountain National Park. U.S. National Park Service. 
  14. «Grassland Habitat Group» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 24. juli 2008. }}
  15. Körner, Christian (2003). Alpine Plant Life: Functional Plant Ecology of High Mountain Ecosystems. Berlin: Springer. 
  16. 16,0 16,1 Rocky Mountain National Park: Alpine Tundra Ecosystem, NPS 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fjelløkologi