Fjellet Sermitsiaq

Sermitsiaq ('evig is') er eit stort fjell i Nuuk på Grønland.

Fjellet Sermitsiaq
fjell
Land  Grønland
Høgd 1 210 moh.
Kart
Fjellet Sermitsiaq
64°18′N 51°30′W / 64.3°N 51.5°W / 64.3; -51.5
Wikimedia Commons: Sermitsiaq (mountain)

Det er 1210 meter høgt.[1] Det ligg på Sermitsiaq-øya i Nuup Kangerlua-fjorden, og er synleg frå det meste av Nuuk.

Det danske namnet er Sadlen ('Salen'), fordi fjellet liknar på ein sal sett frå Nuuk.

Luftfoto av Sermitsiaq sett frå sørvest.

Avisa Sermitsiaq er kalla opp etter fjellet.

Kjelder endre

  1. Per Ivar Haug, Gazetteer of Greenland, arkivert frå originalen 15. juni 2011 
  Denne geografiartikkelen som har med Grønland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.