Fjernkontroll

For system til overvaking og styring av anlegg som ligg fjernt frå kontrollstaden, sjå fjernstyring.

Fjernkontroll er eit elektrisk system for styring og kontroll av noko på ligg i ein avstand frå kontrollstaden. Nemninga er særleg nytta om sendareiningar for styring av apparat eller mekanismar utan samband via leidning.

Fjernkontrollar for fjernsyn, Blu-Ray-spelar og lydanlegg.

Fjernkontrollar kan styre med bruk av ultralyd, infraraud stråling eller radiobølgjer. Dei kan brukast til fjernstyring av utstyr som fjernsynsapparat, musikkanlegg, modellkøyretøy, dører og portar.

KjelderEndra