Fjernverknadsteori

Fjernverknadsteori er ein teori for kraftverknad mellom lekamar (t.d. sola og jorda) der ein berre ser på krafta som ein verknad på lekamane og ikkje tek omsyn til at han blir formidla ved eit kraftfelt i rommet mellom dei. Uttrykket vart vesentleg brukt i elektrisitetslæren, der ein fjernverknadsteori som bygde på Coulombs lov, vart ståande som eit alternativ til Faradays og Maxwells nærverknads- eller feltteori.

Kjelder endre

Fjernvirkningsteori. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/fjernvirkningsteori.