Opna hovudmenyen

Fjord1 ASA er landets største ferjeselskap[1], og har si kjerneverksemd innan ferjedrift, passasjer- og ekspressbåtdrift og reiseliv. Samla driftar Fjord1 over 60 ferjer i seks ulike fylker (Sogn & Fjordane, Møre & Romsdal, Hordaland, Rogaland, Buskerud og Trøndelag).[2] Konsernet har omlag 1500 tilsette og omsette i 2018 for 3102 mill. kroner.[1][3]

Fjord1 ASA
Fjord1 logo.svg
SelskapsformAllmennaksjeføretak (OSE: FJORD)
Org.nr.983472583
Skipa2001
DotterselskapFjord1 MRF Edit this on Wikidata
BransjeTransport-, kommunikasjons- og reiselivsverksemd
ProduktInnenlandske kystruter med passasjerer
HovudkontorNoreg Florø i Noreg
StyreleiarVegard Sævik
Adm.dir.Dagfinn Neteland
Tilsette1493
Omsetnad3102 mill NOK (2018)
Nettstadhttps://www.fjord1.no/
«M/F Lifjord» i sambandet Lavik-Oppedal

Skipinga av Fjord1Endra

Fjord1 vart skipa 9. mai 2001 under namnet Nordvestlandske AS som eit felles eigarselskap for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) og Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF), med hovudkontor i Florø. Sogn og Fjordane fylkeskommune sin eigarandel var på 59 %, medan Møre og Romsdal fylkeskommune eigde 41 %. I desember 2002 presenterte konsernet sin nye identitet, Fjord1, og morselskapet endra namn til Fjord1 Nordvestlandske AS.[4]

BørsnoteringEndra

I 2011 selde Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigarandel i Fjord1 til Havila Holding AS sitt dotterselskap Havilafjord AS i Fosnavåg. Gjennom to sal i 2016 og 2017 gjekk òg Sogn og Fjordane fylke ut av Fjord1, og selde alle sine aksjar til Havilafjord AS.[4]

15. august 2017 vart Fjord1 AS notert på hovudlista på Oslo Børs, og fekk som følgje av dette namnet Fjord1 ASA. Største eigar er per mars 2019 framleis Havilafjord AS (51,5%). Resterande aksjar er fordelt på mindre aksjepostar eigd av private selskap og investorar.[3]

Gassferjer[treng kjelde]Endra

Fjord1 bestilte fem gassferjer etter at dei vann det store ferjeanbodet for operasjon av nye gassferjer som trafikkerer strekninga på E39 mellom Stavanger og Bergen. To av ferjene vart sett inn i trafikk 1. januar 2007, då Fjord1 overtok sambanda etter HSD og Boknafjorden Ferjeselskap. Lengda på kvar ferje er 129 meter og kapasiteten er 212 bilar. To av ferjene går mellom Mortavika og Arsvågen mens tre går mellom Halhjem og Sandvikvåg. I tillegg har konsernet kontrahert tre noko mindre gassferjer som går mellom Molde og Vestnes frå 2010.

Den første gassferja Fjord1 skaffa seg var ferja MF «Glutra» i 2000. Den gjekk i starten i trafikk på sambandet Sølsnes-Åfarnes i Romsdal, men er no i drift på sambandet Seivika-TømmervågNordmøre.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Markussen, Helge Martin (21. februar 2019), «Nok et sterkt år for Fjord1 - Skipsrevyen.no», www.skipsrevyen.no (på bokmål), henta 6. mars 2019 
  2. «Forretningsområder», Fjord1 (på norsk), henta 6. mars 2019 
  3. 3,0 3,1 «Fjord1 ASA - Florø - Se Regnskap, Roller og mer», www.proff.no, henta 6. mars 2019 
  4. 4,0 4,1 «Historia vår», Fjord1 (på norsk), henta 6. mars 2019 

BakgrunnsstoffEndra