Flagget til Gibraltar

Flagget til Gibraltar er eit banner basert på byvåpenet frå 1502, og viser ei raud borg med ein gul nøkkel hengande under seg på kvit over raud flaggduk. Borga og nøkkelen viser til den sentrale militære og strategiske plasseringa til Gibraltar ved innløpet til Middelhavet. Etter å ha vore i bruk sidan byrjinga av 1900-talet, var flagget til byen offisielt godkjent av Dronning Elizabeth II i 1983. Flagget tener òg som sivilt flagg og statsflagg på land. Til sjøs fører Gibraltar ein serie flagg som er baserte på britiske flaggmodellar. Statsflagget til sjøs er ein Blue Ensign med ein særeigen variant av byvåpenet i den frie enden av flagget. Handelsflagget er ein Red Ensign også dette med ein annan variant av byvåpenet i den frie enden av flagget. Våpna i både statsflagget og handelsflagget ber mottoet montis insignia calpe.

Flagget til Gibraltar
Sjøflagget til Gibraltar
Fotografi av flagget til Gibraltar