Flekkerøy er ei øy i havgapet sør for Kristiansand og ein del av Kristiansand kommune sidan 1965 då Oddernes kommune blei innlemma i Kristiansand. Øya er på 6,6 km2 og hadde 2632 innbyggjarar i 2005.

Flekkerøy
På det meste av Flekkerøy er det tett mellom husa. Gamle og nye sjøbuer er tekne i bruk til fritidsbusetnader.
På det meste av Flekkerøy er det tett mellom husa. Gamle og nye sjøbuer er tekne i bruk til fritidsbusetnader.
Geografi
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°34′49″N 09°00′51″E / 58.58028°N 9.01417°E / 58.58028; 9.01417

Areal 6,6 km²

Høgaste punkt 67 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vest-Agder

Demografi
Folketal 2632 (2005)
Folketettleik 399 /km²

Flekkerøy har gode hamner og var tidleg ein viktig handelsplass. Øya hadde tidlegare tollstasjon og Fredriksholm festning blei bygd i 1654, lagt ned i 1872. Den tyske okkupasjonsmakta hadde festningsverk her under den andre verdskrigen.

Fiske er framleis ein viktig næringsveg. Flekkerøytunnellen på 2320 meter gjev ferjefritt samband med fastlandet.

Det er mange teoriar om korleis Flekkerøy fekk namnet sitt. Ein seier at ein på vestsida kan sjå flekkar på fjellet (noko som kjem av at fjellet er av kvarts som har to fargar). Ein annan variant er at sett ovanfrå ser ein at Flekkerøy består av mange mindre øyer, slik at det ser ut som flekkar.

Bydelen består av grunnkretsane Kjære, Berge, Andås, Mæbø, Høyfjellet, Lindebø og Skålevik. Desse er i hovudsak samanfallende med dei tidlege gardsnamna på Flekkerøy: Mebø (g.nr. 1), Skålevik (g.nr. 2), Lindebø (g.nr. 3), Kjære (g.nr. 4), Berge (g.nr. 5) og Andås (g.nr. 6 i Oddernes).

Flekkerøy Idrettslag er fotballaget til Flekkerøy. Øya har tre kyrkjelydar: Flekkerøy menighet, Flekkerøy bedehusforsamling og Flekkerøy misjonskirke.

Historikk endre

Flekkerøy var ei viktig hamn i Skagerrak på 1500-talet, og frå 1540 var Flekkerøy den viktigaste uthamna for skipstrafikken mellom Nordsjøen og AustersjøenAgdesiden. Dei første festningsverka i området vart ført opp i 1555 og hadde namnet Flekkerhus festning. At øya og hamna var viktig ser ein òg ved at lenet frå 1559 (forbigåande) hadde namnet Flekkerhus len.

9. januar 1628 gjekk eit kongebrev til Christopher Giøe som var lensherre på Agdesiden med befaling om å bygge eit blokkhus på Slottsholmen på Flekkerøy. Det stod ferdig i 1635. Slottsholmen vert òg kalla Gammeløya, sidan Christiansø.

Hovudtollstaden for Nedenes og Mandals len vart i 1634 etter kongeleg befaling langt til Flekkerøy. Alle kromenn som budde på fastlandet (Indre Flekkerøy/Kroodden) vart pålagt å flytte til Slottsholmen. Det same gjaldt tollar og visitør. Flekkerøy hamn vart av riksrådet på denne tida sagt å vere skapt «av naturen likesom nøkkelen til Øster- og Vestersjøen.» Etter kongeleg besøk våren 1635 fekk Slottsholmen namnet Christiansø.

Kongen ville gjere Flekkerøy til ei sterk festningshamn og til et midtpunkt for hele lenet sin administrasjon. I 1635 fekk lensherren derfor ordre frå kongen om at residensen skulle leggast i nærleiken av Christiansø. Om sommaren, i skipings- og sjørøversesongen skulle lensherren bu på sjølve festningsøya. Sommarresidensen vart bygd i murstein og stod ferdig i 1642. Lindebø gard på Flekkerøy var ladegard under festninga.

Flekkerøya er også kjent for sine fine badeplasser og båtlivet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff endre