Flenjatunnelen er ein tunnelEuropaveg 16 i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Tunnelen går gjennom Flenjaeggi mellom Flåm og Langhuso i Undredalen. Tunnelen er 5053 meter lang, og vart opna i 1985. Då han vart opna gav Flenjatunnelen vegutløysing for Undredal. Seinare kom også Gudvangatunnelen til Gudvangen.

Flenjatunnelen
TransportererE16
StadFlåm - Langhuso
KommuneAurland
FylkeSogn og Fjordane
Lengd5053 m
Stigning6,5%
Opna1985
Kart
Flenjatunnelen
60°53′06″N 7°05′42″E / 60.885°N 7.095°E / 60.885; 7.095

Flenjatunnelen vart ein del av Riksveg 601 mellom Flåm og Undredal då han opna. Gudvangatunnelen vart opna i 1991, og Riksveg 50 vart forlengd via Flenjatunnelen til Gudvangen. Då Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland vart opna i 2000, vart vegen mellom Aurlandsvangen og Gudvangen ein del av Europaveg 16.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre