Flaum

(Omdirigert frå Flom)

Flaum er ei naturleg, men ofte uventa hending som skjer når vatn skòlar over landområde.

Flaum i Japan i 2004.

Årsaker endre

 
Overflauma stadion i Sveits i 2005.

Det kan koma flaum når mykje vatn samlar seg ein stad, til dømes på grunn av store nedbørsmengder, vind som bles i ein viss retning, stor snøsmelting, orkanar, springflod, eller når fleire av desse verkar saman. Flaum skjer gjerne ved at elvar går over breddane sine, men havet kan gjera det same, og mykje nedbør utan avløp kan òg føra til flaum.

Flaum kan òg skje når ei hindring, til dømes ei demning, brest og vatnet får eit nytt utløp. Jøkulhlaup frå isbresjøar er døme på dette.

Menneskepåverking endre

 
Sandsekkar mot flaum i Imst i Austerrike.

Menneske prøver å hindra flaumar ved å byggja diker og demningar. Dei kan òg auka flaumfaren ved å hogga skogar, slik at vatn flyt friare, eller drenera elvesletter, slik at ekstra vatn ikkje har nokon stad å gå.

Dersom det kjem ein flaum er det likevel lite menneske kan gjera for å hindra dei store vassmengdene. Dei kan bygga mellombels hindringar med til dømes sandsekkar for å leia vatnet ein veg som gjer mindre skade, men elles må dei berre håpa at vatnet snart søkk.

Verknader endre

Flaumar kan gjera stor skade, enten ved at store mengder vatn fossar gjennom landet og riv med seg laust og fast, eller ved at vatnet blir liggjande og fører til vasskader på bygningar. Men dei kan òg gjera nytte ved å tilføra vatn til eit uttørka område eller næring til eit dyrkingsområde.

Statistisk sannsyn endre

Ein 100-årsflaum er rekna som den største flaumen ein kan vente i snitt kvart 100. år. Dette tyder i praksis at ein reknar det som 1 % truleg at ein så stor flaum kan skje i løpet av eit år. På same måte er ein 5-årsflaum storleiken på ein flaum som statistisk sett berre oppstår kvart 5. år, eller at det er 20 % truleg at han oppstår i løpet av eit år. Desse tala vert ofte brukt i samband med byggingsløyve, miljøregulering og forsikringssaker.

Ein 100-årsflaum førte i løpet av ei veke til store øydeleggingar i Europa i 2002.

Store flaumar endre

Storflaumar er ofte uventa hendingar som kan føra til store dødstal. Det finst mange mytologiske forteljingar om flaumar som utslettar verda, til dømes syndfloda i Bibelen.

Historiske flaumar endre

 
Eit oversvømd New Orleans etter orkanen Katrina i 2005.

Flaum i Noreg endre

  • Januar 1716: Flaum på Vestlandet
  • Desember 1743: Storflaum etter kraftig regn på Vestlandet.
  • Juli 1789: Storflaum på Austlandet, Møre og Trøndelag i juli 1789, den såkalla «Storofsen». Flaumen var på sitt verste 22.–23. juli 1789. Storofsen utgjorde eit slags «klimatisk klimaks» under den vesle istida161700-talet. Det er den største flaumen i nyar tid i Noreg etter sein snøsmelting og kraftig langvarig regn. Minst 79 omkom.
  • Mai 1827: Stor vårflaum i Telemark.
  • Juni 1860: Kraftig snøsmeltingsflaum på Austlandet, Sørlandet og Nordvestlandet. 12 omkom.
  • Mai 1916: Storflaum i Glomma, Skienselva og på Sørlandet.
  • Oktober 1918: Storflaum på Vestlandet.
  • Juni 1927: Stor vårflaum i Drammenselva, Skienselva og på Sørlandet. 6 omkom.
  • August 1938: Flaum etter kraftig nedbør på Austlandet og i Telemark.
  • November 1940: Flaum etter kraftig nedbør på Vestlandet. Indre Matre fekk 240 mm på eit døgn.
  • Juni 1967: Stor vårflaum på Austlandet. Kring 100-åraflaum.
  • Juni 1995: «Vesleofsen», storflaum på Austlandet. Stor snøsmelting og store nedbørsmengder over Austlandet. 200-300-årsflaum i det sentrale Austlandsområdet. Flaumen oversteig 1967-flaumen dei fleste stader i Glomma, men nådde ikkje nivået til 1789-flaumen. Den største vassføringa var kring 4000 m³/s den 5. juni. Ein person omkom og skadeomfanget var på kring 1,8 milliardar kroner.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flaum

Kjelder endre