Florida A&M University
Florida Agricultural and Mechanical University er eit delstatseigd universitet i Tallahassee i delstaten Florida i USA. Det vart grunnlagt i 1887 som høgare lærestad for svarte, og er eit av dei såkalla historiske svarte lærestadane i USA. Det er i dag ein av dei mest populære utdanningsstadane for utdanningssøkande afro-amerikanarar.
Florida A&M University | |||
![]() | |||
![]() | |||
Motto | Excellence With Caring | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1887 | ||
Type | Offentleg | ||
Stad | Florida | ||
Studentar | 9 184 (september 2020), 8 077 (1. september 2021) | ||
Tilsette | 1 830 (september 2020) | ||
Nettstad | https://www.famu.edu/ (engelsk) | ||
![]() Florida A&M University 30°25′04″N 84°17′04″W / 30.4178°N 84.2845°W |
I 2010 var det i alt 13 089 studentar og 621 vitskapleg tilsette ved FAMU, og skulepengane dette året var på US$ 3 274 for studentar heimehøyrande i Florida.
Det er tretten skular ved FAMU, nokre av dei mest kjende og akademisk attraktive er:
- School of Business & Industry (SBI)
- College of Pharmacy
- The School of Architecture
- FAMU College of Law (1949)
Fagkrinsen har fokus på liberal arts-faga innan humaniora, språk, samfunnsfag og naturvitskap, i tillegg til forretningsverksemd, jus, moderne teknologi- og miljøfag og ulik ingeniørutdanning. Studiane er opp til doktorgradsnivå.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Florida Agricultural and Mechanical University» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: