Intensitet i fysikk
(Omdirigert frå Flukstettleik)
Intensitet er eit mål for energistraum i stråling eller bølgjer. Det er det same som flukstettleik, det vil sei den energimengda som per tidseining blir transportert gjennom ei flateeining vinkelrett på forplantingsretninga til strålen eller bølgja. I samband med partikkelstråling kan intensiteten òg gjevast som mengda partiklar som passerer ei flateeining per tidseining.
Kjelder
endre- Intensitet: fysikk. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013 frå http://snl.no/intensitet/fysikk.